Nyheter

Den gule stripa gjennom Os-jazzen

På Os betyr veg verkeleg noko. Det gjer jazz også. Iallfall for nokon.

Gisle Torvik Trio spelar i Galleri Solbakkestova på Os torsdag 9. oktober klokka 20. Gisle Torvik (gitar), Ole Amund Gjersvik (bass), Paolo Vinaccia (trommer). Konserten er ein del av Vestnorsk jazzsenters regionale turnéprogram Den musikalske stamvegen. Billettar kr. 100.

Det var faktaopplysningane. No er det fritt fram for å gjera det temmeleg mange gjer når dei er i nærleiken av Os: køyra rett forbi og vidare på E39.

Men det finst sjølvsagt sidevegar og omvegar for dei som vil. Den følgjande omvegen går gjennom litt av Os-jazzen via nokre viktige stover og veldig sentrale musikarar. Det er også litt politisk, bitte litt privat, av og til litt karikert og neppe 100 prosent historisk korrekt (dessverre).

Det er derimot garantert første gong nokon prøver å gje Halhjemsvegen ein plass i jazzhistoria. Og nesten heilt sikkert første gong nokon påviser ei kopling mellom Charlie Parker og Frp.

 

Blues, asfalt og den verkelege stamvegen

Den kulturelle bæremeisa. Den kulturelle skulesekken. Spaserstokken. Den musikalske stamvegen. Regionale senter. Turnéstøtte for trioar.

Det luktar svakt av planøkonomisk kulturbyråkrati alt saman. Ein kan høyra kritikarane banna om å sy statlege puter under armane på uttrykk som eigentleg nesten ingen i det mytiske ”folk flest” vil ha. Skattepengefinansiert kunstig andedrett til finkulturen!

Og etterpå roper dei på blues. Om ein vil karikera osingen politisk og kulturelt er det berre å røra saman like delar blues og asfalt. Musikalsk er det ei tolv taktars blanding med vekt på C7 og F7, og ferdig med det. Soloar er for gitaristar. Resten av tida handlar det meste om å få på plass betre vegar.

Det siste er ingen spøk. Dei verkelege raude trådane gjennom lokalhistoria i Os dei siste nokon og 50 åra er dei mange traséforslaga for ny veg mellom Os og Bergen. Etter om lag 53 års debatt og sakshandsaming er det ting som tyder på at motorvegstubben frå Svegatjørn til Rådal faktisk kjem på plass. Men i mellomtida har ein skaffa seg eit nytt emne for årevis med strid gjennom planar for ei bru over Bjørnafjorden.

Dette er den verkelege kyststamvegen. Europaveg 39. Han er ikkje mykje musikalsk og har aldri vore det. Stamvegen er livsnerve, men også tinnitus for Os-øyro. Suset sluttar aldri heilt.

Solbakkestova kan tena som døme. Den vesle kultur- og konsertarenaen til kunstnarfar og -son, Arne og Vidar B. Mæland, ligg like idyllisk som namnet seier ved ein stille sideveg i ei skråning under Liafjellet.

Men det er i realiteten berre ein liten, krattkledd ås som skil skulpturhagen og galleriet i Solbakken frå den døgnkontinuerlege tungtrafikken på den delen av E39 som lokalt ber namnet Halhjemsvegen.

 

Bird(s)land, Bjørnavegen

Dei fleste som følgjer Halhjemsvegen til endes sørover, køyrer om bord i ei ferje og dreg vidare mot Stord, Haugesund og Stavanger.

Hadde dei teke til venstre i rundkøyringa før Halhjem ferjekai, hadde dei hamna i Bjørnavegen i staden. Der, blant kunstgrasbanar, einebustader og halvhøg furuskog, ville dei fått nøyaktig ingen jazzvibbar i det heile.

Det er faktisk litt vanskeleg å tenka seg at ein skal koma stort lengre unna 52nd Street utan å dra til Antarktis. Unge løver skal koma frå Manhattan, ikkje frå Bjørnen. Men i Bjørnavegen ligg altså barndomsheimen til Marius Neset (f. 1985), Os sin største komponist, improvisator og musikalske eksport sidan Ole Bull.

(Merknad: Nokon vil hevda at lysefjording og Black Metal-legende Olve ”Abbath” Eikemo, sjølvaste Mr. Immortal, eigentleg burde stå øvst på ”største frå Os sidan Bull”-lista. Men vi tek ikkje Abbath-debatten. Det får vera grenser for sidespor og omvegar.)

Så er det kanskje ikkje så langt frå Bjørnavegen til Birdland likevel? Det går iallfall an å trekkja ei linje frå ein velgjerdskonsert på knøttescena i ungdomshuset på Haugland på Søre Neset (også det kloss i Halhjemsvegen) rundt tusenårsskiftet, der ein høgst lokal ca. 15-åring kompa av mor på piano og far på bass og eit par lokale amatørar på trompet og trommer, spelte Armando’s Rhumba og briljerte seg gjennom soloar på både sax og vibrafon framfor eit mildt sjokkskada publikum, nordover langs E39 til Molde i 2012, då Neset komponerte for og spelte med Trondheim Jazzorkester til ståande ovasjonar.

”Blant dei beste konsertane i festivalen si historie,” skreiv kritikarane. Dei skreiv omtrent det same då superstjerna Chick Corea spelte eigen musikk, Armando’s Rhumba inkludert, med same Trondheim Jazzorkester på same festival i 2000.

Marius Neset_OBJF2003På biltur: Marius Neset på Osøren Blues og Jazz Festival 27. juni 2003 i sanitetsforeiningas hus Kløvertun med Stein Inge Brækhus på trommer og Torbjørn Hillersøy på bass. ”No skal vi ta en eg har skrevet sjøl. Han hetar På biltur,” konstaterte 18-åringen, som blanda eigne komposisjonar med Coltrane-låtar og liknande, og spela både tenorsax og keyboard. (Biletet er frå lydprøven).

 

Det høgst fleksible grunnfjellet

Marius Neset sikrar Os ein internasjonal plass på musikkstjernehimmelen ein stad i skjeringspunktet mellom jazz og samtidsmusikk. Men han kom ikkje ut av inkje. Jazzlivet i Os var temmeleg rikt i god tid før Neset vart fødd.

Snu og køyr attende langs Halhjemsvegen mot Bergen, men dropp den nyaste delen av vegen, som frå 2006 deler Ulvenvatnet i to (eit omen om kva som kan skje med Bjørnefjorden) og ta av til høgre over Moberg. Ein gong var dette europavegen, og all trafikk måtte tett forbi bygdesenteret Osøyro.

Men før ein kjem ned til sentrum passerer ein Mobergshaugane, barndomstraktene til kontrabassist, komponist og plateselskapsmogul Ole Amund Gjersvik (f. 1963). Når Gjersvik spelar med Gisle Torvik i Solbakkestova lengre ute på Moberg er han med andre ord verkeleg på heimebane geografisk.

Musikalsk er Gjersvik på heimebane overalt. I tillegg til å gje ut eigne plater i sjangrar frå jazz til tango har han spela med ”alle” frå Ivar Medaas, Kenneth Sivertsen og Sissel Kyrkjebø til Kaizers Orchestra og Marius Neset.

Den musikalske allsidigheita delar Gjersvik med ein annan del av Os sitt jazzgrunnfjell, Stein Inge Brækhus. Brækhus (f. 1967) sin barndomsheim rett nord for Os sentrum, ligg (sjølvsagt) så nær Byvegen (som før 2006-omlegginga altså var E39) at han nokså lett kunne kasta ei trommestikke ned dit.

Der Gjersvik driv plateselskapet Acoustic Records, har Brækhus satsa på lydstudio under namnet Breakhouse studio, når han ikkje er oppteken med undervisning på Universitetet i Stavanger eller spelar med gud og kvar mann. Brækhus sin CV tel alt frå Bergen Big Band og Silje Nergaard til Åge Aleksandersen, Bjørn Eidsvåg og Vamp.

Tone Lise Moberg Kvintett2004Lokalt forankra platedebut: Tone Lise Moberg Kvintett utanfor Breakhouse Studio – eller strengt tatt framfor garasjeporten til familien Brækhus – 14. september 2004 i samband med innspelinga av Moberg si debutplate, Looking On. Frå venstre: Snorre Farstad (trompet), Eivind Austad (piano), Tone Lise Moberg (vokal), Torbjørn Hillersøy (bass) og Stein Inge Brækhus (trommer og produksjon).

Til saman utgjer Gjersvik og Brækhus eit fleksibelt musikalsk grunnfjell og det har dei gjort sidan tidleg 1980-tal, då dei fekk sleppa til hos ein sentral osisk jazzinstitusjon.

.

Det utvida jazzomgrepet på og rundt Osøyro i åra frå 1982

Os Jazzlag vart stifta 9. oktober 1982 (merk gjerne stiftingsdatoen i høve til Torvik-trioen sin komande konsert) og sprang ut av den lokale kulturfestivalen Fritio i Os.

Trass i namnet var tilskiparane like lite jazzpuristar som mange av dagens arrangørar. Repertoaret spente frå over eit stort spekter av jazz via blues til folkemusikk. Blant namna som var innom er Tone Hulbækmo, Arne Domnérus, som spelte i Os kyrkje og Son Mu, som fylte det som då var sjølve storstova i Os, det gamle kulturhuset Fjellheim, til randen.

Jazzlaget levde eit omflakkande tilvære, men mange involverte å hugsar etter alt å døma åra på Matstova best. Den brune kafeen i andre høgda i eit bygg midt på Osøyro er borte, men dei som var der i jazzlagets stordomstid hugsar eit lokale som var intimt og stemningsskapande for både musikarar og publikum.

På Matstova anno 1983 kunne ein til dømes koma kloss i Chippie med Olav Dale og Per Jørgensen i front, Helge Lilletvedt på pianokrakken, knapt 20 år gamle Ole Amund Gjersvik på bass og Stein Inge Brækhus bak trommene i den modne alder av 15-16 år.

Dei som kunne spela, kunne altså koma inn sjølv om dei var under ølaldersgrensa. Andre som var for unge måtte nøya seg med å stå i tussmørke og duskregn utanfor bankbygget på andre sida av gata, og håpa at det vart såpass heitt i konsertlokalet at vindauga måtte opnast. Viss det skjedde kunne ein til dømes få med seg litt av Hungry John and the Blue Shadows, bakfrå, men gratis, eller høyra andre unge, lokale heltar prøva seg på A Night in Tunisia og Scrapple from the Apple. (Her koplar vi Charlie Parker og Frp ganske ugalant ved å minna om at det seinare er eit ganske anna eple som har dominert på Os.)

Skjermbilde 2014-10-03 kl. 11.11.58Jazz på Osøyro: Chippie på Matstova i 1983 i regi av Os Jazzlag. Frå venstre Ole Amund Gjersvik, Per Jørgensen med Don Cherry-korrekt pocket-trompet, og Olav Dale. Berre luggen til Stein Inge Brækhus er synleg bak cymbalen. (Ukjent fotograf. Biletet er lånt frå Instagramprofilen til Gjersvik)

.

Ei halvt usynleg suksesshistorie

”Alt har ein ende,” konstaterte ein halvt resignert, halvt realistisk festivalsjef Tore Lekve til den lokale nettsida midtsiden.no 23. oktober 2013. Etter 15 år var eventyret over for Osøren Blues og Jazzfestival (OBJF). Inntektene hadde svikta. Festivalen vart nedlagt. Rett nok hadde andre arrangørar alt planar for ein ny festival, Osfest, og bluesen levde vidare gjennom blueskveldar.

Birdland_Vognhallen_OBJF2008A-toget og Osbanen: Frå 1894 til 1935 gjekk det tog mellom Bergen og Os. No huser den gamle stasjonen m.a. ein treblåsreparatør, og den gamle vognhallen er både friluftsatelier for skulptørar og tidvis musikkscene. Biletet er frå OBJF sin jam i vognhallen i 2008. Det er eit stykke frå Birdland til Os, men nokon har vore båe stader. Bandet på scena er Good Time Charlie. Dei skal ut på Den musikalske stamvegen i haust med musikk frå barneplata Blåsus og draumeblues.

Men kva med framtida til jazzen i Os? OBJF hadde på sett og vis teke over stafettpinnen frå jazzlaget (om enn ikkje heilt direkte) og sjølv om bluesen kom først både i namnet og i praksis, vart festivalen ein garantist for god livejazz i Os minst ei sommarhelg i året frå starten i 1999.

Medan plakattoppane ofte kom frå blues eller rock/pop, hadde OBJF jamt og trutt temmeleg sterke jazzprogram med både heilt lokale, regionale og nasjonale namn.

I 2003 hyra dei den då 18 år gamle Marius Neset til å skriva tingingsverk. Resultatet vart Mellom Sauskolt og Varga, som inkluderte ei avdeling med septett med to slagverk, bass, gitar, sax, trompet og vokal, og ei avdeling med ytterlegare seks-sju blåsarar. Han har også spela på heimebane både før og seinare.

Blant andre lokale gjengangarar på programmet var endå ei av dei aller mest framtredande jazzmusikarane frå Os, vokalist og pedagog Tone Lise Moberg (f. 1970), med ei rekkje ulike bandkonstellasjonar og ulike sjangrar.

Ein annan suksessgarantist var vokalisten Tone Linn Mjånes (f. 1981), som stadig dukka opp på OBJF-programmet med standardjazztolkingar saman med botnsolide backingband frå både Os og Bergen.

Tone Linn Mjånes_OBJF2008Standardar i tradisjonelle omgjevnader: Elveosen har gjeve Os namn og bore fram kommunens viktigaste kulturelle markør, Oselvaren. Tone Linn Mjånes spela midt i den lokale kulturarven i Oselvarnaustet under OBJF i 2008.

Risikoen var der likevel. I høve publikumsappell burde 2008 ha vore eit av dei sterkaste jazzåra til OBJF med Trio De Janeiro, Solveig Slettahjells Slow Motion Duo og Dag Arnesens Norwegian Song. Men store namn og relativt lett tilgjengeleg musikk er ingen garanti. Korkje Arnesen eller Slettahjell trekte særleg mange tilhøyrarar til Fjellheim. Slikt gav truleg dei ivrigaste bluesforkjemparane vatn på mølla.

Dag Arnesen_OBJF2008Eg kjenner deg på skuggen: Dag Arnesen, Terje Gewelt og Pål Thowsen framførte songar frå prosjektet Norwegian Song i Fjellheim under OBJF 27. juni 2008. Ver forsiktig med å hevda at du var der. Vi som faktisk var på plass kjente kvarandre alle seks.

Solveig Slettahjell_OBJF2008Slow motion Duo: Solveig Slettahjell og Sjur Miljeteig i Fjellheim under OBJF 28. juni 2008.

.

Sjøvegen

Lenge før asfalterte kyststamvegar var der fjordane som var hovudferdselsåra. Og var det ein konsertarena der publikum aldri svikta OBJF, så var det jazzcruisa på Bjørnefjorden med ”MF Midhordland”.

Blant orkestera som har vore med stort sett alle åra under OBJF, og som er eit av få musikalske bindeledd mellom OBJF og nye Osfest gjennom vidareføring av jazzcruisa, er Os truleg første, og garantert eldste jazzband: Osøren Jazzensemble.

Tradjazzbandet vart danna i 1976 og er limet i den lokale jazzhistoria. Musikarane som har vore innom er svært mange, men framleis frontar originalmedlemene Geir Mildestveit (klarinett) og Geirmund Sandven (trombone), no med Ole Amund Gjersvik på bass og Stein Inge Brækhus på trommer. Terje Neset (far til Marius) erstatta ganske nyleg mangeårig kjernemedlem, Harald Lekven bak banjoen (staden Lekven ligg på Søre Neset like ved Halhjemsvegen). Trompetist Are Ovesen er det mest eksotiske innslaget, for han er trønder.

Blant Osørens svært mange oppdrag gjennom snart 40 år er relativt faste jobbar 17. mai-ettermiddagar på Os. Mange av desse har funne stad i Mobergsvika. Først i det noko slitne kafébygget, som stod der tidlegare, men dei seinare år har det skjedd i det framleis temmeleg splitter nye kulturhuset Oseana, eit praktbygg til over 230 mill. kroner.

 

Blindveg eller himmelstege?

Og Oseana kan godt vera vegs ende. På Os er meiningane delte om det er tale om ei dyr kulturell blindgate som kveler lokale amatørinitiativ, eller om det auka profesjonelle tilbodet vil stimulera det lokale kulturlivet ytterlegare.

Kanskje er svaret begge delar? Matstova, jazzlaget og ”Jazznatto” under Fritio er for lengst borte, Fjellheim er til sals for å bidra til finansieringa av Oseana, medan eldsjelene bak OBJF meiner at overgangen til Oseana iallfall delvis var medverkande til at festivalen ikkje greidde seg økonomisk.

Men på 17. mai spelar altså gode gamle Osøren atter i Mobergsvika. Og i restauranten i kulturhuset har det sidan 2013 vore jazzkonsertar laurdagsettermiddag ca. ein gong i månaden i regi av nyskapinga Os Jazz under leiing saksofonistveteran frå det bergenske musikkmiljøet, Svein Atle Breistein.

Så – med støtte frå kulturbyråkratiet lokalt og regionalt, og i kombinasjon med initiativ frå lokale eldsjeler skulle det vera like god von for jazzen i Os som det har vore før.

Gjett forresten kvar Breistein flytta då han gjorde osing av seg. Riktig. Halhjem.

Så om han skulle vera på veg heim torsdag 9. oktober rundt klokka 20, kan han ta turen innom Galleri Solbakkestova og høyra Gisle Torvik Trio.

Osøren Jazzensemble_MidtsidenTradisjonsberarar: Osøren Jazzensemble i Oseana på 17. mai 2012. Geirmund Sandven, Geir Mildestveit, Tone Linn Mjånes og Are Ovesen. (Foto: Andris Hamre/ midtsiden.no)

.

Tre langs kyststamvegen

Vi bad nokre osingar med lang fartstid frå musikkmiljøet skildra nokre av sine beste jazzminne frå Os.

Tone Linn Mjånes, vokalist.

«Definitivt alle øvingane i ståvo til Nils Midtseter. Han opna heimen sin kva dag som helst til større og mindre konstellasjonar. Kaffien stod alltid klar og husverten sjølv sat bak trommesettet. Der fekk eg som songar mitt første ordentlege møte med jazzen, lærte utrulig mykje av alle som var innom og fekk utvikla meg som songar i mitt eige tempo. Alt dette kunne eg ta med meg vidare når eg flytta til ”bydn” og fortsette med jazzen der.»

NorseEstonian Young Jazz2005Forbrødring i ståvo til Nilsn: Stova til Nils Midtseter i Midtbøvegen er og har vore øvingslokale for mangt og mykje jazzrelatert i Os. Merk det svenske flagget oppe til venstre. Nils har dårleg skjulte svenske aner. Fun fact medan vi er inne på Sverige: Os er venskapskommune med Söderhamn, heimkommunen til legendariske Jan ”Jazz på svenska” Johansson. Ulukkelegvis døydde Johansson alt for ung i ei bilulukke. Venskapet mellom Os og Söderhamn har ikkje sett særleg sprekt ut dei siste åra det heller. På biletet er det eit anna forbrødringsprosjekt som øver heime hos Nils. Norse-Estonian young jazz vart sett saman i samband med OBJF i juni 2005, og samla musikarar frå dei to landa til felles konsert. 

Ole Amund Gjersvik, bassist.

Tidleg på -80-talet spela eg trio med Helge Lilletvedt på piano, Stein Inge Brækhus på trommer og meg på kontrabass. Eg var ikkje nokon særleg god solist, men eg byrja å få til å kompa nokon lunne. Etterkvart fekk vi lov til å spela saman med Olav Dale og Per Jørgensen frå Ny Bris! Dette blei til bandet Chippie, og etter ei stund fekk vi også med gitaristen Ole Thomsen! Bandet blei populært, og vi fekk spela opp til fleire gonger på Os Jazzlag som den gangen heldt til på Matstova. Seinare fekk vi også oppdrag utanfor osbygda, blant anna på Bergen Jazzforum og Nattjazz! Men eg kjem ikkje til å gløyma den intime stemninga på Matstova med det første…

Osingen_Os jazzlagIntim klubb: Mållagsbladet Osingen rapporterte om stoda i Os jazzlag i 1988. Illustrasjonsfotoet viser Chippie i aksjon i 1983, og demonstrerer samstundes at det kunne vera trongt på Matstova på jazzlagskveldar. (Faksimile frå Osingen)

Aasmund Brekke, organist i Foldnes kyrkje.

Beste jazzminne frå Os: Eg har mange gode jazzminne frå den no nedlagde Osøren Blues- og Jazzfestival. Som eit (eller to) av høgdepunkta for meg står nok dei to konsertane med Trio de Janeiro på festivalane i 2008 og 2009, særleg den første konserten i 2008 som gjekk av stabelen på loftet i Oselvarnaustet. Lokalet var heilt fullstappa, men plassen er ikkje større enn at alle tilhøyrarane likevel kom ganske tett oppi musikarane og fekk med seg kvar minste detalj i det medrivande samspelet  til musikarane. Særleg sterkt inntrykk gjorde dei på same tid kjensleladde og intelligente sopransaxsoloane til Frøydis Grorud.

Geirmund Sandven_OBJF2005Kvintessensen: Lærar, musikkpedagog og jazzveteran Geirmund Sandven med bandet Kvintessens på Opus Kulturkafé midt på Osøyro under OBJF i juni 2005. Opus var først platebutikk med overraskande bra utval av jazzplater, men vart omskapt til kulturkafé omtrent då internett verkeleg byrja å ta kvelartak på CD-marknaden.

Tekst og foto: Hallvard Lyssand
(Alle foto er teke for Os og Fusaposten. Brukt med løyve.)

Osøren Jazzensemble: Foto: Andris Hamre/midtsiden.no. Brukt med løyve.

Chippie på Matstova: Ukjent fotograf.

Kjelder:
Ådne Lunde: ”Os Jazzlag: Der folk og musikk møtest.” Osingen, Årsskrift for Os mållag, 1988, s. 17-18. Faksimile med løyve frå Os mållag.
midtsiden.no
Os og Fusaposten
Hukommelsen.

 

Eit lite lydspor til Os-jazzen

Marius Neset:

Golden Xplosion (2011)
Birds (2013)
Lion (2014)

Ole Amund Gjersvik:
A Voice From the Past (1990)

Alone in the Crowd (1993)

Milonga Triste (1998), inkluderer både Tone Lise Moberg og Stein Inge Brækhus

Circus (2006)  m. Stein Inge Brækhus

Duo Improvisations (med Marius Neset, 2011)

Stein Inge Brækhus:

Cutting Edge: Duesenberg  (1986)(Finst på Wimp på Cutting Edges samlealbum Alle tre.)

Hot Cargo: Hot Cargo (1992)

Subtrio: Subtrio (2006)

Tone Lise Moberg:
Looking On (2005) Stein Inge Brækhus, trommer og teknikar

Aasmund Brekke:

XYZ (2011) med Marius Neset, Stein Inge Brækhus m. fl.

Son Mu:

Son Mu (1984)

Ornette Coleman:

Something Else!!!! (1958) (Chippie er spor 4)

Jan Johansson:

Blues (Söderhamn Blues er spor 2. I denne samanhengen passar også spor 14 ekstra godt: Lonesome Road)

Dag Arnesen:

Norwegian Song (2007)

Hungry John and The Blue Shadows:

LIVE (1989)

Gisle Torvik Trio:

Tranquil Fjord (2013)

Tittelsporet bør bli signaturlåt for organisasjonen Nei til bru over Bjørnefjorden. Plata inneheld også spora Kryssande, Lang veg heim og Endelaus veg. Særleg den siste bør vera høgaktuell på Os, som snart skal få  ca. 11 km ny E39 – gjennom Endelausmarka.

 

Fra forsiden

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!