Nyheter

Nutshell

Årets showcase for utanlandske journalistar og festivalarrangørar vert avvikla i Bergen under Nattjazz 27.-31.mai for 10. gong, med 25 tilreisande deltakarar frå 15 ulike land. Målet er som vanleg å spre den glade, norske jazzbodskapen rundt i verda, anten gjennom at deltakarane muligens bookar artistane dei høyrer eller at journalistane skriv om dei.

I tillegg til dagsprogramma jobbar me tett med Nattjazz som bookar overvekt av norske artistar desse dagane medan Nutshell-deltakarane er her.

kirsti_og_ola_posterOnsdagen får folket høyra felespelar Ola Kvernberg saman med Kirsti Huke på vokal samt trommis Erik Nylander. Neste showcase er med saksofonist Kjetil Møster, Thomas T. Dahl på gitar, Magne Thormodsæter på bass og både Ivar Thormodsæther og Håkon Mjåset Johansen på trommer.

gard nilssen

 

Torsdag vert det tur til Lysøen og solokonsert med Christian Wallumrød. Etter middag får me gleda av å høyre Gard Nilssen`s Acoustic Unity som i tillegg til trommisen sjølv består av Petter Eldh på bass og André Roligheten på saksofon.

Me har tidlegare med stort hell reist ut av byen den eine dagen og som i fjor går ferda til Hardanger. På Kabuso spelar Orter Eparg (Kjetil Jerve (piano og Rhodes), Dan Peter Sundland (bass og komposisjonar) og Andreas Wildhagen (trommer). Etter lunsj på Hardanger Fartøyvernsenter tek Sommerfuglfisk Nina Kristine Linge (gitar, vokal), Dan Peter Sundland (bass), Hans Hulbækmo (trommer) oss med på den gamle ferja M/F Folgefonn.

sommerfuglfisk2

hayden powell trioLaurdag blir det tur til Ulriken med musikk av felespelar Erlend Apneseth saman med Stephan Meidell (gitar) og Øyvind Hegg-Lunde (trommer) samt Hayden Powell Trio – (Hayden Powell (trompet), Eyolf Dale (piano) og Jo Skaansar (bass) – før me avsluttar som dei andre kveldane, til dei små timar på Nattjazz. Intenst og bra og forhåpentlegvis med direkte ringverknader!

Her er litt av det deltakarane i fjor meldte tilbake:

Lau Kjerstin, Jazzhouse i København:

Det var en helt igennem fantastisk oplevelse – den norske jazz kan noget helt særligt og der bliver afsøgt mange musikalske kroge, hvilket var fedt at høre og se. Og den norske natur, ja, sikke et særsyn.

Henning Bolte i All About Jazz:

When traveling, meeting and talking, food and meals were another accompaniment organized carefully by Nutshell’s hosts: as much as possible, local food; local vegetables, grains, fish and meat, cheese and butter; lamb, whale, winter-codfish, barley and brunost/gjetost.

Marie-Claude Nuoy, My Music Enterprise i Paris:
It has been an exceptionnal trip and a fantastic way to learn more – not only on the music but altogether on culture, traditions, food, geography and the warm people- of Norway… this has been a great way to deepen my knowledge and understanding of Norwegian music and culture.

Pelin Opcin, IKSV i Istanbul:

I had incredible time full of beautiful music surrounded by the beauty of Bergen and its history, and of course warm friendships.

Fra forsiden

Nyheter

«Under Bakken» til Vossa Jazz

Konsertforestillingen ble bestilt til Sildajazz for 2 år siden og er laget for barn mellom 5 og 10 år. Her blir ny musikk rammet inn av en visuell ramme som gir fantasifulle og levende bilder av livet under bakken. Nå gleder vi oss til en ny visning lørdag 23. mars.

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.