Vårens stamveg-program

VÅR 2024

AKSEL RØED TRIO

Sjølv om dei tøyer strikken, så er det ikkje tvil om at inspirasjonen er henta frå den rike jazztradisjonen på 50- og 60-talet – med felles referansar i Ornette Coleman, Sonny Rollins, Sam Rivers og Coleman Hawkins. Trioen komponerer på sparket – men har latt det gå sport i å sjå kor lenge strekka kan framstå som planlagde. Undervegs går det både fort og sakte – mange balladar, nokre raske låtar, heile tida i tett og virtuost samspel.

Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge musikarane i Noreg i dag, med band som General Post Office, Other Aspects og Knut Kristiansen kvartett. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen. Magne Thormodsæter har gjort seg til kjenne i ei rekkje av viktige prosjekt i både inn- og utland, mellom anna Hildegunn Øiseth Kvartett, The Inventio Ensemble og Bergen Bigband, samt ein premissleverandør i opplæringa av nye musikarar som lærar på Griegakademiet. Tore Ljøkelsøy har hurtig spelt seg inn på elitelaget til norsk jazz med band som Bel, Lyder Røed Kvintett, Local Store og Tore Ljøkelsøy kvartett.

Med: AKSEL RØED tenorsaksofon MAGNE THORMODSÆTER kontrabass TORE LJØKELSØY trommesett

Onsdag 7. feb. Skeisvang, Haugesund

Onsdag 7. feb. Voss Jazzklubb

Torsdag 8. feb. Kabuso, Øystese

Fredag 9. feb. Sogndal Kulturhus

Lørdag 10. feb. Tedans, Bergen

Straum Aksel Røed Trio her.

CORTEX med HEDVIG MOLLESTAD

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

THOMAS JOHANSSON trompet KRISTOFFER BERRE ALBERTS saksofonar OLA HØYER bass DAG ERIK KNEDAL ANDERSEN trommer HEDVIG MOLLESTAD gitar

Onsdag 6. mars BERGEN

Torsdag 7. mars HAUGESUND

Fredag 8. mars STORD

Lørdag 9. mars HUSNES

Søndag 10. mars SOGNDAL

Straum Cortex her.

Og/eller Hedvig Mollestad her.

MEELODI

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesti. Bandet er basert i Bergen og har tre album bak seg – der The Great Blue Wheel frå 2021 vart plassert som Top of the World i Songlines Magazine si Topp 10-oppsummering av året – og plate nummer fire like om hjørnet. Persisk og arabisk poesi møter rytmar og klang frå dei fleste verdshjørner i ein unik og særs vakker miks. Undervegs har Meelodi turnert på festivalar som Førdefestivalen, Melafestivalen, Folkelarm,Nattjazz, Bergen Internasjonale Musikkfestival og OK sessions på Nasjonal Jazzscene. Verdsmusikk med hjarte og hjerne.

Dei seks musikantane i bandet er kjende namn både i Bergen og utanfor. Snorre Bjerck er å høyre med blant anna Siwan, Batagraf og Transjoik. Her speler han saman med bassist Anders Bitustøyl som elles har turnert land og strand med Bjørn Tomren og Sigrid Moldestad. Trompetist Per Jørgensen er blant dei største musikkskattane me har her til lands. Same med songar, oud-spelar og fløytist Nawar Alnaddaf. Ho kom frå Syria til Bergen i 2015 med ein musikalitet utanom det vanlege, noko ho i dag fordjupar seg vidare i på NMH i Oslo.

Medi Farmani er eigentleg kunst-malar, men viser med dette prosjektet at han også har stor uttrykkskraft som vokalist. Med utsøkt timing og ikkje minst scenisk nærvær. Primus motor Ole André Farstad er like komfortabel med lik-sminke i metal-bandet Abbath som på borne-konsertar med Tres Musicos. Han har sannsynlegvis også den største samlinga med streng-instrument du finn i – og eit godt stykke utanfor – Bergen.

OLE ANDRE FARSTAD strengeinstrument, perkusjon MEDI FARMANI vokal NAWAR ALNADDAF vokal, oud vokal PER JØRGENSEN vokal, trompet, perkusjon ANDERS BITUSTØYL bass, bassklarinett SNORRE BJERCK perkusjon

Onsdag 17. april HAUGESUND

Torsdag 18. april ØYSTESE

Fredag 19. april BERGEN

Lørdag 20. april FLORØ

Søndag 21. april FØRDE

Bli kjend med Meelodi på NRK sitt Studio 19.

Straum dei her.

Fra forsiden

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!