Nyheter

Hullyboo og Lugom trio på den musikalske stamvegen

Vinnarane av Jazz-i-sikte i 2009 og i 2010 er klare for ein dobbelturné i veke 11. Bindelekken mellom dei to trioane er bassist Bjørnar Kaldefoss Tveite.

Lugom trio spelar eigenkomponerte låtar, hovudsakleg av Marte Eberson. De held seg i eit stemningsfullt og melodiøst landskap, og har element frå klassisk musikk, pop og jazz. Musikarane er likeverdige og gir kvarandre plass til fri utfalding. Trioen har jobba masse med forskjellige klangbilete og dynamikk.

Marte, Bjørnar og Hans Christian møttes på Sund folkehøgskole i 2006, og har spilt saman sidan. I fjor vant de «Jazz i sikte» og fikk dermed spille konsert på Nattjazz. I juryens grunngjeving stod det «Lugom trio framstår for juryen som det mest solide bidraget under årets Jazz-i-sikte. Trioen opptrer samspilt og rutinert, med gode individuelle ferdigheter. De presenterer egne komposisjonar i et stemningsfullt, melodiøst og til tider energisk lydbilete.» Dei fekk gode meldingar, blant anna skreiv Bergens Tidende (terningkast 5): «Musikken har nerve og spenning. Solid teknisk samspill, men likevel ikke skoleflinkt. Vakkert og stilsikkert.» Nyleg overtok Andreas Wildhagen trommekrakken i Lugom trio.

Lugom trio er Marte Eberson (piano), Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass) og Andreas Wildhagen (trommer).

Hullyboo vann i 2010 Jazz-i-sikte konkurransen som vart arrangert av Bergen Jazzforum, Vestnorsk jazzsenter og Nattjazz. Premien var blant anna ein spelejobb på Nattjazz, og dei har også teke turen over fjellet for å krydra hovudstaden med litt bergensk countryinspirert jazz. Trioen spelar eigenkomponert musikk som ligg i landskapet mellom jazz, blues og country. Musikken er eit resultat av alt dei har latt seg inspirera av opp gjennom oppvekst og utdanning. Dei har alle tre bakgrunn frå og et sterkt forhold til blues- og rootsmusikk, noko som har leia dei vidare inn i jazzens store univers.

Gitaristen Marius Hirth Klovning og bassisten Bjørnar Kaldefoss Tveite knytta sine første musikalske band allereie på ungdomsskulen. Sidan har de spelt saman jamt og trutt i ulike konstellasjonar. På Sund folkehøgskule møtte Bjørnar trommeslager Mats Mæland Jensen. Dei traff like kvikt rytmen som tonen og har følgt kvarandre heilt fram til det noverande studiet ved jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Marius er godt på veg med sin utdanning ved Jazzlinja på NTNU i Trondheim.

Hullyboo er Marius Hirth Klovning (gitar), Bjørnar Kaldefoss Tveite (bass) og Mats Mæland Jensen (trommer).

Turnérute:
Torsdag 17. mars: Tre brør, Voss
Fredag 18. mars: Ciderhuset, Balestrand
Laurdag 19. mars: Café René, Haugesund og Bømlo kulturhus, Svortland
Sundag 20. mars: Kunsthuset Kabuso, Øystese

Fra forsiden

Nyheter

Brassa Jass

I januar arrangerer vi en workshop-turné som vi har kalt Brassa Jass. Opplegget er inspirert av Brass Bross og hvordan de i en årrekke har arbeidet med å få korpsungdom til å spille uten noter, lære på øret og til å inspirere og engasjere.

Nyheter

Sommerjazzkurs 2025

Tirsdag 24. juni til søndag 29. juni arrangerer vi Sommerjazzkurs på Jølster. Vil du være med? Her finner du påmeldslink og info om kurset.