HØST 2023
Uke 38: HILDEGUNN ØISETH KVARTETT

HILDEGUNN ØISETH trompet, bukkehorn PER ODDVAR JOHANSEN trommer ESPEN BERG piano MAGNE THORMODSÆTER bass
Ei av dei mest kraftfulle uttrykka for ‘the Nordic sound’ tilhøyrer Hildegunn Øiseth. Anten det er med trompeten eller bukkehornet, så fyller ho rommet med ein energisk og poetisk varme som er unikt hennar. Undervegs har ho sjonglert Trondheim Jazzorkester og Marilyn Mazur samstundes som ho har turnert med eigen musikk – og no er ho snart aktuell med si femte plate. Med seg på scena har ho eit stjernelag med norske musikarar. Tidlaust, elegant og draumande.
Uke 42: AGBALAND

PER JØRGENSEN trompet, røyst TERJE ISUNGSET perkusjon
Med utspring frå tungeknekkande Agbalagba Daada kjem Agbaland – med dei to mest leikne improvisatørane Noreg har å by på. Kvar for seg er dei leiande på sine instrument, saman kan kva som helst skje. Terje Isungset har brukt karriera på å ta i bruk verda rundt seg. Først med heimelaga tre-instrument saman med mellom anna Karl Seglem og Arve Henriksen, seinare med glas-instrument, og instrument laga av is. Per Jørgensen er nok mest kjend for trompetspelet sitt i Jøkleba, men har musikalske aner heilt attende til Bergen Bluesband.