Rapport 2006-2010

JazzNorway in A Nutshell 2006 – 2010

Denne rapporten må sjåast i samanheng med utreiinga ”Norsk jazz i utlandet – med blikk på levande musikk”  (2007) av Nina Torske og Lars Mossefinn. Det historiske bakteppe og det kulturpolitiske grunnlaget for arbeidet med å fremja norsk jazz i utlandet – herunder tiltaket JazzNorway in A Nutshell (JNIAN) – er i stor grad føresett og gjort greie for i ovannemnde utgreiing.

1982 på Ulriken under Nattjazz 2010

JNIAN er eit presentasjonsprogram for norsk jazz. JNIAN blei skipa til for femte gong 26. – 30. mai 2010. Vestnorsk jazzsenter (VNJS) har inititert og driv tiltaket, men samarbeider med Nattjazz, Utanriksdepartementet (UD), Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Music Export Norway og Music Information Center Norway og Norsk jazzforum om tiltaket. Vidare samarbeider ein med Rikskonsertane og Norsk jazzforum gjennom ordninga Norwegian Jazz Launche om oppfølging. UD yter støtte til dette lanseringsprogrammet.

Historikk
Saman med Kjell Kalleklev management søkte VNJS i 2003 UD om støtte til å invitera ein del utanlandske konsert-/ festivaltilskiparar og journalistar til Nattjazz. Dette var byrjinga på det som seinare skulle bli JazzNorway in A Nutshell (JNIAN). I 2006 organiserte ein det heile i den form JNIAN etterkvart har fått. Tilskipinga blei lagt til Balejazz. Året etter flytta ein til Bergen og Nattjazz. I samband med at Stavanger var europeisk kulturby i 2008 la ein JNIAN til Stavanger og Maijazz. I dei to siste åra har ein vore attende til Nattjazz og Bergen.

Idé
Tanken bak JNIAN er å laga eit utstillingsvindauge for norsk jazz i tilknyting til ein festival. Norsk jazzfestivalar programmerer jamt over mykje norsk musikk på sine ordinære program. Festival- og konsertarrangørar frå utlandet kan på kort tid stifta nærare kjennskap til mange norsk jazzartistar som i neste omgang kan få jobb på dei respektive festivalane, klubbane eller konserthusa. Ein har også invitert journalistar slik at desse kan introdusera dei sama musikarane for sitt heimlege publikum.

Det har etterkvart dukka opp mange show cases rundt om. Dutch Jazz Meeting (No Dutch Jazz & World Meeting) har lengst fartstid og samlar +/- 100 deltakarar i Amsterdam annakvart år. Association des Festivals Innovants en Jazz et Musiques Actuelles (AFIJMA) har også drive tilsvarande invitasjonsprogram, gjerne knytt til festivalane i Nevers, Le Mans, Grenoble og Strasbourg. I dei seinare åra har tyskarane bygd opp Jazzahead i Bremen.

For VNJS har det vore eit mål at JNIAN skal skilja seg ut, bli lagt merke til i den floraen av presentasjonsprogram. Ein har satsa på eit konsept som kombinerer musikk, naturopplevingar og lokal matkultur. I tillegg er det eit vesentleg poeng at tilskipinga er kompakt for på denne måten å få best mogleg nettverkseffekt.

Nattjazz
JNIAN har vore lagt til Nattjazz i tre år. Fordelen med å nytta Nattjazz er fleire. Fleire norske festivalar programmerer slik at dei representerer eit fint utstillingsvindauge for norsk jazz. Nattjazzen er kjent for å setja på programmet nye konstellasjonar som seinare er blitt toneangjevande i norsk jazz. Vidare er Nattjazz lagt til ein kompakt arena – USF. Konsertane finn sta innanfor tidsramma 21 – 01.30. Gjesten får såleis med seg dei fleste konsertane – om ikkje i sin heilskap.

Det er også ein fordel å nytta Nattjazz fordi hotellkapasiteten i Bergen er etter måten god. JNIAN har kunna leggja gjestene inn på Comfort Hotel Holberg som ligg i gangavstand til USF.

Nattjazz finn stad i siste halvdel i mai. Dette inneber at sommarfestivalane ikkje bookar band som dei møter for første gong under JNIAN, men dei mange haustfestivalane vil gjerne ha opning i programmet for å inkludera JNIAN-artistar same året. Det syner seg likevel at sommarfestivalane bookar desse artistane året etter.

Viktig er det også at Nattjazz samarbeider med VNJS om programleggjinga. Den helga JNIAN finn stad har Nattjazz-programmet ei JNIAN-’slagside’. Det at programmet til Nattjazz er samla til sein kveldstid, gjer det mogleg å ta gjestene med på reiselivsopplevingar i distriktet.

Natur- og matopplevingar
Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore eintydige – natur- og matopplevingane knytt til JNIAN blir høgt verdsett. Rafting i Strandaelva, Vossakorvkurs i Bergsdalen, ostesmaking i Undredalen, båttur i Lysefjorden og lunsj hjå Kornelius på Holmen har vore spektakulære opplevingar som blir kommentert når ein møter deltakarane i andre samanhengar.

I tilknyting til desse turistiske opplevingane har ein skipa til konsertar på særmerkte plassar. Ein har hatt følgjande konsertar i slike samanhengar:
Art Directors – Stalheim Hotel (med utsikt til Jordalstoppen)
Valland Nordli, Mølster/ One Pedersen – stavkyrkja i Undredalen
Albatrosh – Baroniet i Rosendal
Hilde Marie Kjersem og Tore Brunborg trio – på båttur i Lysefjorden
in the country – Utstein kloster
Nils Økland – Kornelius på Holmen
1982 – Ulriken
Mari Kvien Brunvoll – Bergsdalen kyrkje

I tillegg har ein hatt ei handfull show case-konsertar på meir ordinære arenaer.

Utval
Eit følgje av desse reiselivsopplevingar er at JNIAN-deltakarane blir godt kjende med kvarandre. Nettverkseffekten av desse aktivitetane er stor. Å få personleg kontakt med alle deltakarane har vore eit overordna mål med JNIAN. Det inneber at gruppa ikkje kan vera for stor. Mellom 30 og 40 deltakarar er ei høveleg forsamling.

Målsetjinga er å skaffa spelejobbar til norske jazzmusikarar utanlands. Festivalane vil gjerne invitera utanlandske gjester for at dei skal omtala festivalen i eit utanlandsk medium. Det er viktig å understreka at for VNJS er ikkje dette eit poeng i seg sjølv. Difor har ein valt eit blandingshøve mellom journalistar og konsert-/ festivaltilskiparar sånn omlag 1:3.

Utvalet blir gjort i nær kontakt med ulike aktørar i norsk jazz. VNJS har hatt eit fortrinn i denne utvalsprosessen fordi ein i utgangspunktet har eit stort kontaktnett internasjonalt gjennom EJN og festivalengasjement i Moldejazz og Vossa Jazz. I førekant av utsending av invitasjonar kontaktar ein norske agentar – spesielt Kjell Kalleklev og Musikkprofil. Også ein del musikarar som spelar mykje utanlands har kome verdfulle innspel. Moldejazz v/ Jan Ole Otnæs, som er med i festivalnettverket Inernational Jazz Festivals Organization (IJFO), har kome med fleire innspel. Både UD v/ Sverre Lunde og ein del utanriksstasjonar har foreslått deltakarar.

Utvalet er gjort på basis av dokumentert eller signalisert interesse for norsk jazzmusikk. Det seier seg sjølv at deltakarane må ha stilistisk preferanse i samsvar med det som blir presentert på Nattjazz.

Ein prøver å finna fram til eit komplementært utval av journalsitar. Dvs. det er ein fordel om ein journalist som er forventa å skriva om ein festival skipa til av ein av JNIAN-deltakarane også har kunnskap om norske musikarar på førehand.

I ein del tilfelle har ein inkludert same journalist fleire år på rad. Dette gjeld mellom anna John Kelman i All About Jazz og Luca Vitali, frilans i Italia. Desse har kunnskap om og interesse  for norsk jazz som ikkje står attende for nokon av dei som skriv/ omtalar jazz i norske media.

Også ein del tilskiparar har blitt inviterte fleire gonger. Eksempelvis Ken Pickering (Vancouver), Miguel Martin (San Sebastian), Reiner Kern (Enjoy Jazz, Tyskland) og Christiane Böncke-Geisse (Unterfart, München) har vore tilstades ved fleire høve. Desse er alle viktige tilskiparar som har presentert mange norske konsertar opp gjennom åra. Oversikt over deltakarar og år dei har delteke er med som vedlegg til rapporten.

Å invitera nokre gjester fleire gonger har også den bieffekten at dei fungerer godt som ’sosial lim’ i gruppa.

Resultat
Det finst ikkje tilgjengeleg statistikk eller analysar over norske jazzmusikarars arbeid i utlandet. Som utgreiinga ”Norsk jazz i utlandet” påpeikar og drøftar, finst det ein del ukomplette oversyn og nokre spørjegranskingar som gjev visseindikasjonar, men eit samla oversyn finst verken for jazzmusikarar vedkommande eller andre musikargrupper innan frilansfeltet.

Statistikk og analysar av feltet er naudsynt for å få eit presist bilete av effekten av arbeidet ein gjer med desse presentasjonsprogramma som JNIAN er ein del av. I ein større samanheng gjeld det for heile det kulturpolitiske feltet som vedrører norsk musikk i utlandet.

Sjølv for eit så vidt oversikteleg tiltak som JNIAN er det vanskeleg å måla effekten av arbeidet på kort sikt. Ein har tilnærma komplett bilete av deltakarar (konsert- og festivaltilskiparar) og deira norske bookingar ved påfølgjande festival eller konsertsesong, men dette gjev ikkje heile biletet.

Ved fleire høve har det synt seg at JNIAN-deltakarar har booka norske jazzmusikarar nokre år etter at dei deltok på JNIAN. To relativt ferske døme illustrerer dette – Huub van Riel (Bimhuis, Amsterdam) deltok på JNIAN dei første åra, og har jamleg hatt eit og anna norsk namn på plakaten, men først i november 2009 gjennomførte han to kveldar med til saman fire norske band på Bimhuis. Philippe Occem (Jazz d’or i Strasbourg) har vore på JNIAN tidlegare, men hadde ikkje høve å koma i 2010. Likevel har 2010-utgåva av festivalen god norsk representasjon. Eit tredje døme er Yann Causse (Jazzebre i Perpignan). Også han var tilstades på JNIAN dei første åra, men også han presenterte ein større norsk bolk på festivalen sin først i oktober 2009.

Fleire av gjestene på JNIAN har i tillegg besøkt andre norske festivalar – m.a. Kongsberg og det samarbeidet dei har hatt med Music Export Norway kalla Silver City Sounds (2008 – 2010). Kva bookingar som heng direkte saman med kva besøk er ikkje utan vidare greitt å seia.

Effekten av lanseringsarbeidet kan heller ikkje presist målast utan å ha tilgang på informasjon om honorarstorleik og kostnadene ved å gjennomføra jobben/ -ane. Det er også vesentleg engasjementa har snøballeffekt.

Likevel kan ein slå fast at gjennomsnittstala som er referert i ”Norsk jazz i utlandet” står seg for JNIAN sitt vedkommande. Dvs. JNIAN generer på årsbasis grovt sett mellom 50 og 100 jobbar i utlandet for norske jazzmusikarar.

Tiltak/ framtida
VNJS har utarbeidd eit eige kortfatta strateginotat som ser på den delen av lanseringsarbeidet som JNIAN er ein del av i ein meir heilskapleg samanheng.

Fra forsiden

Nyhet

VNJS – 20 år

Les deg opp på hva som har skjedd de siste 20 årene og hva som skjer i kveld!

Nyhet

Jazz i Sikte

Da er det åpent for å melde seg opp! I potten ligger det både lærerike workshops, konsertkvelder i Bergen og Stavanger og spillejobber på Nattjazz, Maijazz og Sildajazz.

Meld deg på vårt nyhetsbrev