Vårens stamveg-program

VÅR 2023

NEW PAINTINGS OF JAZZ

ELISABETH LID TRØEN saksofon DAG ARNESEN piano OLE MARIUS SANDBERG bass SIGURD STEINKOPF trommer

«New Paintings of Jazz» er Elisabeth Lid Trøen sitt første tingingsverk, framførd på Vossa Jazz i 2022. Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser – frå Keith Jarret, John Coltrane og Joe Henderson til Edvard Grieg og norsk samtidsjazz.

Elisabeth Lid Trøen spelte første gong med legendariske Andy Sheppard på Voss i 2010. Han vart så imponert at han sporenstreks inviterte henne inn i ensemblet sitt. Sidan har ho mellom anna samarbeidd med Bergen Big Band, Klangen av Hoem og Vestnorsk Jazzensemble.

Bergensaren Dag Arnesen har vore eit ikon i den norske jazzen i ei årrekkje, men har framleis ei ungdommeleg nyfikne og trong til å leika med tradisjonane. Anten han tolkar Grieg, Bull og norske folketonar på ”Norwegian song,” eit prosjekt som kan minna om ein norsk variant av Jan Johanssons  ”Jazz på svenska,” eller sine eigne komposisjonar, er dei alltid framførd med stor eleganse og smakfull klang.

Med seg har dei Ole Marius Sandberg- stødig bassist frå både, jazz, pop og teater, og Sigurd Steinkopf, trommestjerneskot frå mellom anna Knut Kristiansen sitt band, General Post Office og Finding Neo.

Tilgjengelig for booking i uke 5.

ØKLAND/APELAND

NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel

Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.

Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.

Tilgjengelig for booking i uke 12.

VOSSASTUBBAR

SIGNE IRENE STANGBORLI TIME vokal ØYVIND GJELSTEN DALE piano FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass RAYMOND STORAUNET LAVIK trommer IDA LØVLID HIDLE trekkspel MARIUS KLOVNING gitar

Som vossingar flest blanda Per Sivle humor, melankoli og ironi på ein meisterleg måte. I det som har blitt verdas største kvartett har Significant Time tatt med seg trekkspelspelar Ida Hidle Løvlid og Marius Klovning på gitar. Plateaktuell og klar for release-turné våren 2023 med sitt halvgærne og frodige prosjekt «Vossastubbar» – der vitalitet, speleglede og Per Sivle møtast i folkeleg foreining. I tillegg til å skriva sarte, personlege dikt om svik og sakn, hadde Per Sivle eit klokkeklart blikk om mellommenneskeleg åtferd, og skildra på friskt og ekte vis tragikomiske og klønete situasjonar på gjenkjenneleg og humoristisk vis.

Significant Time har tatt tak i det friske og ekte, og tonesett fragment av «Vossastubbar» med freidig og framoverlent  tonespråk. Musikken er skrive i «Sivles ånd» og framhevar evna til å herje med form, språk og innhald. Musikken i Vossastubbar er både lun og leiken, absurd og sprø, kompleks og dristig, raus og sosial.

Tilgjengelig for booking i uke 16.

Ved interesse ta kontakt med audun (alfakrøll) vestnorskjazzsenter.no

Fra forsiden

Nyheter

VNJE til Portugal

I oktober reiser Vestnorsk Jazzensemble til Portugal med Per Zanussi for å spille konserter i Lisboa, Coimbra og Porto.

Nyheter

AGBA

Torsdag 19. okt. BERGEN Fredag 20. okt. ODDA Lørdag 21. okt. HAUGESUND Søndag 22. okt. SULDAL