VNJS sitt internasjonale arbeid – ein kort historikk
Som det andre nordiske medlemen blei VNJS med i Europe Jazz Network i 1999. Gjennom Bergen sin status som europeisk kulturby i 2000 kom det i stand eit samarbeid på jazzfeltet med fleire av dei andre byane med same status dette året.
I perioden 2002 – 04 var VNJS ein av 11 partnarar i Europe Jazz Oddesey. Prosjektet, som var sett saman av artist-in –residence, workshops og seminar, fekk 900.000,- € i støtte frå EU.
I 2003 tok VNJS saman med Rikskonsertane initiativet til Norwegian Jazz Launch. Tanken var å promotera eit mindre utval norsk jazzmusikarar utanlands. Ein valde musikarar ein meinte hadde ei viss gjennomslagskraft på den internasjonale arenaen. Allereie første året gav UD støtte til tiltaket. Frå 2004 var også NJF med på laget, og ein er no inne i prosjektets tredje 3-års periode.
I samarbeid med Vossa Jazz inviterte VNJS 10 austeuropeiske festivalarrangørar til festivalen på Voss i 2005. I tillegg til å bli introdusert for norsk jazzmusikk, som det finst rikeleg av på den festivalen, hadde ein seminar som drøfta spesifikke utfordringar den delen av kontinentet hadde på formidlingsfeltet og deira integrasjon i ein samla europeisk jazzmarknad.
12POINTS, grunnlagt i 2007, er ein festival for unge jazzmusikarar i tidleg etableringsfase. Grunnleggjar er Improvised Music Company (v/ Gerry Godley) i Dublin. Som namnet tilseier er det 12 artistar på den tre dagar lange festivalen. VNJS har heile tida samarbeidd med den irske arrangøren, og når det blei avgjort at 12POINTS skulle skipast til annakvart år utanfor Dublin, var det naturleg at VNJS i samarbeid med Stavanger jazzforum var vertskap for 12Points 2010.
I 2010 har VNJS vore samarbeidspartnar med to polske festivalinitiativ som har søkt støtte frå den øyremerkte EØS-potten for samarbeid mellom Island, Noreg og Polen.