Nyheter

Knut Kristiansens solo-prosjekt om Thelonious Monk

Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og sæprega pianospel.

At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990.

Dette er altså guten som brukte konfirmasjonspengane til å kjøpa Thelonius Monk-plater og som sleit dei ut då han skulle transkribera låtane og ville ha alle tonane med seg. Som, i følgje apokryfe skrifter, fekk anerkjennande nikk frå meisteren sjølv då KK, som einaste blant publikum, lot vere å klappe midt i ein låt under konsert i aulaen i Oslo. Fram til då hadde Monk stort sett skult misbilligande ut i salen. Som har gjort «Monk Memorial» på Nattjazz og Kongsberg Jazzfestival, «A tribute to Monk» på Oslo Jazzfestival og fleire plater med Monk-tolkingar. Gruppa «Night and Day» vart eit bindeledd mellom Monk og meir mainstream musikk.

_MT87898_utekst

Knut Kristiansen har også hatt ein livslang kjærleik til afrikansk og latinamerikansk musikk, der Son Mu har legendestatus med musikk inspirert frå Cuba. Prosjektet «Gambian Norwegian Friendship Orchestra» vart til som tingingsverk i samband med Bergen Jazzforum sitt tiårsjubileum i 1982. I 1983 kom plata med same namn. Bergen Big Band har også tinga eit verk frå Kristiansen. Han kvitterte med å skriva «Kuria Suite». Kuria-folket er fastbuande bønder som bur på grensa mellom Kenya og Tanzania. KK studerte musikken deira då han vitja Kenya i 1990.

Som undervisar var han drivkraften bak storbandet på Bergen Lærarhøgskule, og har også undervist i piano ved fleire musikkinstitusjonar i Noreg. Snart 70, men stadig med ein fandenivoldsk snert i spelet sitt, noko han synte til fulle med Inventarium under Nattjazz i 2012, og på solopiano på Finsejazz året etter.

_MT87856_utekst

Thelonius Monk – eksentrisk, genial og ein gigant i musikkhistoria. Knut Kristiansen – pianist som har gått sine eigne vegar, og som har levd eit langt liv med Monk, både i hovud og fingrar.

I lys av dette presenterer Knut Kristiansen to halvtimer med Monk. I hovudsak snakkar musikken for seg sjølv, men han kjem til å drøse litt om musikken undervegs, med eit lite skråblikk på jazzhistoria. Vi er framleis på konsert, men gjennom stikkord og musikkdømer søkjer KK å skissera nokre knaggar å hengje Monk på.

_MT87721

Fotokreditt: http://www.montag.no

Tekst: Jan Tore Skråmestø

Video: Øystein Fykse

Knut Kristiansens solo-prosjekt om Thelonious Monk er tilgjengelig for booking. Kontaktinfo: knutjbk (at) online.no

 

Fra forsiden

Nyheter

Nutshell 2024

4 dager, 7 konserter og 30 gjester, hvorav halvparten booker for internasjonale klubber og festivaler.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!