Bergen Big Band

Bergen Big Band (BBB) blei skipa i 1991 som ei vidareføring av Bergen Band. Olav Dale har vore musikalsk leiar for bandet i heile perioden. I 1995 gjorde BBB, Nattjazz og Vossa Jazz ein avtale om å gjera årlege prosjekt med bandet i ein treårsperiode. Samarbeidet har helde fram også etter denne treårsperioden. I 1999 tok Vestnorsk jazzsenter over som administrativ leiar for bandet.

Musikalske milepælar

I ein 17 års periode har BBB gjennomført mange musikalsk viktige prosjekt. M.a. har bandet arbeidd med Phil Woods, Paquito de Rivera, Joe Henderson, Maria Schneider, Diana Krall, Sissel Kyrkjebø, Andy Sheppard, Martial Solal, Mathias Rüegg, Gianluigi Trovesi, Mathias Eick, Ole Kock Hansen, Etta Cameron, Karin Krog, John Surman, Dino Zaluzzi, Gustavo Bergalli, Berit Opeim Jan Magne Førde, The Core og Vidar Johansen med fleire. I år skal bandet gjennomføra prosjekt med Ab und Zu på Vossa Jazz. Ny musikk er skriven av Ole Henrik Giörtz. På Nattjazz skal tingingsverket ”Crime Scene” av Terje Rypdal framførast saman med Rypdals band Skywards og Palle Mikkelborg. Etter planen skal sistnemnde verk koma på CD i løpet av 2010.

I 2006 gav Bergen Big Band ut CDen ”Seagull” i samarbeid med Karin Krog og John Surman. Året etter kom ”Meditations on Coltrane” i samarbeid med The Core og med arrangement av Vidar Johansen. i 2008 kom ”Som den gyldne sol frembryter” – religiøse folketonar arrangert for storband med vokalsolistar. Alle CDane er gjevne ut på Grappa.

Visjon
Bergen Big Band skal vera blandt dei beste og viktigaste storbanda både nasjonalt og internasjonalt.

Mål
Bergen Big Band vil arbeida målretta for å verkleggjera visjonen sin gjennom å søkja samarbeid med dei fremste komponistane og arrangørane innan jazzfeltet både nasjonalt og internasjonalt. BBB vil samarbeida med profilerte festivalar formidla desse prosjekta. Målsetjinga er også at desse prosjekta skal bli kringkasta og innspelt på CD, DVD o.l.

BBB ynskjer ikkje berre å vera musikalsk nyskapar, men også på regionalt nivå å formidla den rike internasjonale storbandtradisjonen vidare. Også på denne måten kan ein vera til inspirasjon for unge, vordande jazzmusikarar.

Bergen Big Band – særmerke

BBB skal vera eit orkester som rekruterer musikarar primært frå Bergen og omegn men også regionen (Rogaland, Hordaland og Sogn og fjordane). Besetninga er i utgangspunktet ei klassisk storbandbesetning, men ein har ei gruppe musikarar som bandet supplerer seg sjølv med for å imøtekoma kompositoriske idéar. BBB har opp gjennom åra hadde ei relativ stabil gruppe musikarar i bandet. Ein har sett dette som viktig for å dyrka dei samspelskvalitetane ein oppnår gjennom denne stabiliteten. Vidare har det vore ein grunntanke at besetninga på alle måtar innehar ein musikkfagleg standard som gjer at ein kan gje seg i kast med ei kvar musikalsk utfordring. Ein har registrert at denne filosofien har bore frukter. BBB får årleg fleire førespurnader om å delta på prosjekt. Det kan nemnast at båe prosjekta BBB er med på i år, er initiert av komponistane for dei respektive verka.

BERGEN BIG BAND 2011:

Treblåsarar/ Woodwinds:
Olav Dale
Jan Kåre Hystad
Ole Jakob Hystad
Zoltan Vincze
Michael Barnes

Trompetar/ Trumpets:
Martin Winter
Svein Henrik Giske
Are Ovesen
Reid Gilje

Trombonar/ Trombones:
Øyvind Hage
Sindre Dalhaug
Pål Roseth
Kjell Erik Husom

Komp/ Rhythm section:
Ole Thomsen   gitar/ guitar
Dag Arnesen piano
Magne Thormodsæter bass
Frank Jakobsen  trommer/ drums

Tilbake til toppen

Design og kode | Dotgrid