Nyheter

Den musikalske stamvegen er gjenopna!

I vår er det klart for duoen Stein & Mari, Brazz Bros og dobbelturnéen med «Jazzen i sikte»-vinnarane Lugom trio og Hullyboo.

Takka vere eit årleg tilskot på kr. 300.000,- frå Hordaland fylkeskommune sitt Kulturelt utviklingsprogram i tre år, kan Vestnorsk jazzsenter ta opp att tråden med turnéar på den musikalske stamvegen.

Stein Urheim og Mari Kvien Brunvoll er først ute i veke 5. Denne duoen har på kort tid opparbeidd seg nærast kult-status. Folk snakkar enten stolt om at dei var på konserten på Nattjazz 2009. Studentavisa i Bergen oppsummerer kva ein har i vente musikalsk sett: «Det støy/beatbaserte innledningsnummeret gled fint over i Urheims ettertenksomme gitarklimpring i sang nummer to, akkompagnert av Brunvolls karakteristiske lyse vokal. De to utfyller hverandre i det hele tatt på en utmerket måte, gjennom Hawaii-lystige temaer, jazzaktige låter og det mer rockete».

Repertoaret er sett saman av eigne låtar. Dei har levert ein halvpart kvar.

Stein & Mari hadde også konsert på Vossa Jazz 2010. Om konserten skreiv Lars Mossefinn i Jazznytt: ”Musikalsk spenner det frå støy til country og overgangen frå det eine til det andre høyres som det mest naturleg i denne verda. Duoen greier å skapa ein god og avslappa atmosfære og kombinerer det med ein fullkommen kontroll på knappar og strengjer. Det blir fest i heimen når Stein og Mari er på besøk!”

Rykta fortel at duoen har vore i studio og at det er klart for debut-CD om ikkje altfor lenge.

Mari Kvien Brunvoll – vokal, loop
Stein Urheim – gitar, munnspel, fløyte, diverse strenginstrument

Turnéruta:
Ons. 2. februar: Kabuso, Øystese
Tors. 3. februar: Tre Brør, Voss
Fre. 4. februar: Bøyum pensjonat, Balestrand
Laur. 5. Café René, Haugesund
Sun. 6. Gaffel & Karaffel, Stavanger (ein konsert for born og ein for vaksne)

Fra forsiden

Nyheter

MIRRA

Ein av fjorårets mest omtalte og kritikarroste album er no klar for Stamvegen med konsertar i Førde, Bergen, Odda, Haugesund, Stavanger, Sogndal og Voss. Godt mogleg at dei også vinn ein Spellemannpris på vegen. Dei er nemleg nominerte både i open klasse og til komponistprisen.

Nyheter

Samtale med Morten Qvenild og Benedicte Maurseth

Musikersamling: I anledning Benedicte Maurseth sin konsert i Stavanger har vi spurt Morten Qvenild om han vil spørre henne ut om livet som frilansmusiker og hvordan hun jobber med et prosjekt som "Mirra". Fra idé til realisering. 26. mars kl. 14:30-15:30 på Spor 5. Gratis.