Brazz Bros feirar 30års-jubileum med turné på Den musikalske stamvegen. Frå tysdag 22. – sundag 27. februar sveiper dei innom bl.a. Haugesund, Stavanger og Sandnes.
– Ein svært populær turné blant arrangørane, seier turnéansvarleg i Vestnorsk jazzsenter, Lars Mossefinn. Ny trommeslagar er på plass. Kenneth Ekornes frå Sykkulven har overteken trommestolen, og i jubileumsåret er dei eit 100% Sunnmørs-band.
Musikkglede og improvisasjonskunst, tre gonger brør Førde og to gonger brør Tafjord. Alle frå Langevåg på den vesle øya Sula utanfor Ålesund. I tillegg bak trommene: Kenneth Ekornes frå Sykkylven. Der har du fenomenet The Brazz Brothers.
I de seinare år har The Brazz Brothers spilt saman med alt frå afrikanske stamme-høvdingar til trompetlegenden Lester Bowie og danske Povl Dissing. Vellykka alt saman, ja visst. I konsertsamanheng får du dei i ren og ublanda tapping der de garantert trykker ventilane i botn og leverer ein heilstøypt improvisasjons-konsert med musikk som spenner frå New Orleans jazz via afrikanske rytmar til folkemusikk frå Vågå!
Det begynte i Langevåg Skulekorps. Der ble den første kjærleiken til messinginstrumenta tent. Sidan ble det for Jarle, Helge og Stein Erik, Ytre Suløens Jass-ensemble og speling på Jazz & Heritage Festival i 1976 i New Orleans som første norske jazzband. I 1981 ble Brazz Brothers danna som en rein messingkvintett og et reint familieforetak. På dette tidspunktet var nemlig småbrør Jan Magne og Runar blitt gamle nok til å få vera med på leiken. Seinare kom trommelegenden Egil «Bop» med og det var denne særeigne kombinasjonen av blåsarar og trommer som skapte lysbildet som er skreddarsydd for det brassbrørne har på hjartet.
Musikkglede, trøkk og improvisasjonskunst går som en rød tråd gjennom alt de er med på.
Øvst i toneregisteret Jarle og Jan Magne Førde på trompet og flygelhorn. I midten Runar Tafjord på valthorn og Helge Førde på trombone og i botn Stein Erik Tafjord på tuba. Bak trommene sitter i dag Kenneth Ekornes og binder det hele saman – nennsamt kryddrende, eller med botnsolid tørk og framdrift.
JARLE FØRDE, trompet/ flygelhorn.
JAN MAGNE FØRDE, trompet/flygelhorn.
RUNAR TAFJORD, horn.
HELGE FØRDE, trombone.
STEIN ERIK TAFJORD, tuba.
KENNETH EKORNES, trommer.