Lisa Dillan er ein anerkjent artist på den norske jazz og performancescenen, og har markert seg med seksere og femmere for platene og kortfilmane sine. Onsdag 14. september turnérer ho Den musikalske stamvegen med stille og vare tolkningar henta fra Elvis Presley sitt repertoar.
Deretter går turen til Nashville. Paul Leim, produsenten og trommelsagaren til Dolly Parton skal produsera Dillan si Elvis-plate, og med seg får ho Glen D. Hardin, Norbert Putnam, James Burton m.fl. Alle kjende for sitt samarbeid med Elvis.
Quite Quiet Project er Dillan i duo med gitarist Asbjørn Lerheim. Dei to musikarane har funne saman i Elvis Presleys repertoar. Mottakinga fra publikum har vært veldig god, fra Art Jazz Club Olimpiskys Complex i Moskva til Varangerfestivalen, Nasjonal jazzscene og sist for fulle hus på Kampenjazz. Dillan og Lerheim har nå rydda plass for å satsa skikkeleg på samarbeidet i Quite Quiet Project.
Lisa Dillan har vore Elvis-fan siden 1977 og kjenner karriera, og ikke minst repertoaret veldig godt. Hun har plukka ut favorittlåtane fra Elvis Presleys meir bortgøymde repertoar, og mange av låtane er nok heller ukjente for den vanlige publikummar. Utvalet av låtar kretsar i stor grad rundt balladane han gjorde på 70-tallet – sterke, vakre og kraftfulle. Dillan har lagt ned mykje arbeid det i å finna låtar som kan fungera innenfor rammene for duoen, der dei kan forenkla og reindyrka den stille krafta desse låtane ber i seg – Quite Quiet med andre ord.
Turnérute:
Onsdag 14. september: Stavanger
Torsdag 15. september: Voss
Fredag 16. september: Balestrand
Laurdag 17. september: Oseana (Os)
Sundag 18. setember: Kabuso (Øystese)