Nyheter

Bergen Big Band inviterer til nye matinear

Det er klart for sesongens første storband-matiné på USF Verftet i Bergen førstkomande sundag. Gjest ved dette høve er komponisten, arrangøren og trombonisten Even Kruse Skatrud.

Skatrud er ein travel mann i norsk musikkliv, og har pendla mellom komponist-/arrangørgjerninga, undervising og trombonist i så ulike orkester som Kringkastingsorkesteret, Funky Butt, Denada og Marinemusikken.I 2005 etablerte Skatrud sitt eige storband, Eveneven Big Band. Dette bandet har stått for den einaste utgjevinga Skatrud har i eige namn. Låten «Good Weather» frå denne CDen klarte 10 veker på Norsktoppen.  Dette er ikkje kvardagskost for instrumentalmusikk.

Bergen Big Band har bak seg ein festivalsommar med jobbar på Kongsberg, i København og Praha. Sundagens matiné er den første i ein serie på tre denne hausten. Sundag 13. november er det klart for djupdykk i Don Ellis sitt musikalske univers, og som i fjor spelar Bergen Big band inn jola saman med gode vener sundag 4. desember. Hyggeleg er det også at matineane framleis er gratis.

Bergen Jazzforum

Fra forsiden

Nyheter

MIRRA

Ein av fjorårets mest omtalte og kritikarroste album er no klar for Stamvegen med konsertar i Førde, Bergen, Odda, Haugesund, Stavanger, Sogndal og Voss. Godt mogleg at dei også vinn ein Spellemannpris på vegen. Dei er nemleg nominerte både i open klasse og til komponistprisen.

Nyheter

Møster/Nilssen

To av landets fremste jazzprofiler på Stamvegen: Kjetil Møster (saksofoner) og Gard Nilssen (trommer). De vil gjøre workshops og konserter i Stavanger, Odda, Husnes, Haugesund og Bergen.