Den fandenivoldske trioen Ibrahim Electric har markert seg som eit av dei mest originale og populære nye orkestra på den europeiske musikscenen. I veke 43 legger trioen ut på turné i regi av Vestnorsk jazzsenter.
Den energiske, utåtvende og til tider provoserande musikken bandet spiller har begeistra overalt. Ibrahim Electric består av tre store kapasitetar innan dansk musikk, gitarist Niclas Knudsen, trommeslager Stefan Pasborg og Hammond‐organist Jeppe Tuxen. Alle har skapt seg et namn på den danske og internasjonale musikscenen, både i eigne prosjekt og som ”side men” hjå forskjellige kunstnarar i inn- og utland.
I 2002 danna dei Ibrahim Electric og har sidan gjort spelestedar over heile verda usikre med sin anarkistiske tilnærming til forskjellige sjangrar som afro‐beat, blues, funk, surf, jazz og rock – stilarter, som dei enkelt og greit blandar saman til ein organisk heilskap. Live er Ibrahim Electric spontane, stramme, virtuose, punka og ikkje minst hamrande glade for å være til stades.
Den musikalske stamvegen er et turnéinitiativ i regi av Vestnorsk jazzsenter med støtte av Hordaland fylkeskommune gjennom kulturelt utviklingsprogram.
Turnérute:
Onsdag 26. oktober: Voss, Café Stationen
Torsdag 27. oktober: Bergen, Café Opera
Fredag 28. oktober: Etne, Fugl Fønix
Laurdag 29. oktober: Haugesund, Høvleriet
Sundag 30. oktober: Fjell, Liaskjershallen
Ibrahim Electric: Stefan Pasborg (trommer), Jeppe Tuxen (Hammond B3) – Niclas Knudsen (gitar)
”Do you remember the feeling of listening to a band for the first time and being completely blown away by the sheer majesty of the performance? For those of you who have experienced this, be prepared for it to happen again. For those of you who don’t know what I’m talking about, you will understand. Prepare yourself for IBRAHIM ELECTRIC!” – Hammondbeat.com, USA
Meir info om Ibrahim Electric her:
http://www.myspace.com/ibrahimelectric