Nyheter

Organ Jam på Stamvegen

Det er klart for den andre av i alt fire turnear på Den musikalske stamvegen på Vestlandet denne våren. ORGAN JAM er ein kvartett beståande av nokon av våre fremste jazzmusikarar.

Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjeldan, og kanskje den første i sitt slag her til lands. Kvartetten  spelte sine første jobbar hausten 2010, og har fått strålande mottaking for sin friske stil. Med kombinasjonen baryton/tenor- og alt/sopransaksar får bandet ein  spanande, særeigen og utradisjonell sound. Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbiletet blir rått og kraftfullt. Musikken kan variere frå rolege, lange strekk, til rå og swingande bop. Hovudpoenget er å gje lydaren ei utåtvend, kommunikativ og humørfylt oppleving.

Sterkt personleg utrykk
Fleire av bandet sine medlemmar bidrar sterkt til repertoaret, med eigne komposisjonar og arrangement av kjente og ukjente låtar frå jazzens kjernerepertoar. Kvartetten legg vekt på å presentere eige materiale som er gjennomarbeidd, og som samtidig gjev den enkelte stort spelerom.

Tor Yttredal og Svein Olav Herstad får fram sine tema, med klar personlegdom og stil. Samstundes har dei ikkje gløymt røtene, og noko av musikken kan karakteriserast som hardtswingande blues og standardjazz. Musikken får likevel eit sterkt personleg utrykk fordi  den er  arrangert med tanke på kvar enkelt musikar sine spesielle kvalitetar. Kvar for seg har dei  fire musikarane vore framtredande i ei rekkje samanhengar i mange år. Dei har  gjeve ut fleire plater i eigne namn, og kvar for seg delteke på ei lang rekkje innspelingar med andre artistar.

Tor Yttredal og Ole Jacob Hystad (saksofonar), Svein Olav Herstad (Hammondorgel), Stein Inge Brækhus (trommer)

Turnérute:
Fredag 27. januar: Arena, Stord
Laurdag 28. januar: Arkivet, Stavanger
Sundag 29. januar: Café Stationen, Voss

Den musikalske stamvegen er støtta av Hordaland fylkeskommune som ein del av Kulturell utviklingsplan.

Fra forsiden

Nyheter

Brassa Jass

I uke 3 (2025) arrangerer vi en workshop-turné som vi har kalt Brassa Jass. Opplegget er inspirert av Brass Bross og hvordan de i en årrekke har arbeidet med å få korpsungdom til å spille uten noter, lære på øret og til å inspirere og engasjere. På bildet ser du instruktørene: Trompetist Simen Kiil Halvorsen […]

Nyheter

SHAKAI – Tilgjengelig for booking i uke 37 (2025)

Navnet Shakai kommer fra det japanske ordet for samfunn. Samfunn består av individer med unike historier. Det gjør også denne kvintetten som består av musikere som kommer fra et bredt spekter av sjangre, stiler og uttrykk, noe som gir bandet et spennende og variert lydbilde.