Nyheter

Seminar for unge jazzmusikarar

Få nye musikalske kontaktar, inspirer og la deg inspirere – og ikkje minst, få opptre for eit begeistra jazzpublikum!

«Unge Talent» har etter kvart utvikla seg til å bli eit særs populært og viktig innslag i jazzfestivalen Balejazz. Kvart år vert godt og vel 20 unge musikarar samla for å jobbe fram ei musikalsk framsyning. Dei fleste kjem attende år etter år, og publikumstilstrøyminga berre aukar for kvar gong. Dette er det interesse for!

 

For attande året på rad inviterer Balejazz til seminar for unge musikalske talent med spesiell interesse for jazz og improvisasjonsprega rytmisk musikk. Her er det høve til å vidareutvikle seg og få ny inspirasjon i samspel med andre ungdomar frå heile fylket – som alltid under kyndig rettleiing av dyktige og erfarne musikarar.

 

Seminaret startar fredag 04. mai kl. 16:30

Øvingsstad: Sagatun skule

Seminaravgift: kr. 600.- (inkludert undervisning, alle måltid og overnatting i Belehalli).

 

Seminaret vert avslutta med konsert på profesjonelt utstyrt scene i Kviknesalen søndag 06. mai kl. 12:00.

 

Instruktørar:

Kåre Kolve                  – saxofonar

Espen Berg                 – tangentar

Jo Skaansar                – kontrabass

Per Oddvar Johansen – trommer

Koordinator/ hjelpeinstruktør: Solveig Berstad Sande

 

Vi set stor pris på at du kan gjere dette kjent for andre musikarar som kan ha glede av å vere med på seminaret! Nærare informasjon og søknadsskjema finn ein på Balejazz sine websider www.balejazz.no.

 

Søknadsfrist: måndag 16. april 2018. Etter søknadsfrist vil dei som er tekne med få praktiske opplysningar.

Seminaravgift må vere betalt før seminarstart til konto 3720 16 71435,

merka med namnet ditt og Unge Talent 2018

Praktisk informasjon:

  • Deltakarane må så langt det er mogleg ordne med utstyr sjølve (forsterkarar, trommesett mm). Sei ifrå til underteikna før fredag 27.04.18 viss det er noko du manglar.
  • Overnatting i Belehalli, like ved skulen. Ta med sovepose og liggeunderlag! NB! Overnatting skjer på eige ansvar. Deltakarar under 15 år må ha følgje med foreldre/føresette.
  • Seminaravgift kr. 600,- kan betalast til konto nr. 16.71435 innan fredag 27. april. NB! Kvittering for betalt avgift/ utskrift frå nettbank må leggast fram ved seminarstart.
  • Seminaravgifta dekkar alle måltid. Alle deltakarane på Unge Talent kjem gratis inn på konserter der det er plass.

For meir informasjon: Solveig Berstad Sande tlf. 992 32 017   solveig@kringsja.no

Fra forsiden

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!