Nyheter

Tre trioer på tur

På høstens Stamveg-program finner du Eivind Austad Trio, Øyvind Dale Trio og Camilla Hole Trio.

EIVIND AUSTAD TRIO

EIVIND AUSTAD piano MAGNE THORMODSÆTER bass HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

Vanlegvis er Eivind Austad opptatt med å få andre til å låta betre –  ikkje minst på Jazzlinja i Bergen der han legg til rette for nye generasjonar av musikarar. No er det på høg tid å visa fram at  jazzgeneralen på Griegakademiet også er ein fabelaktig utøvar. Med melodisk teft som ein moderne Bill Evans og rytmikk som Keith Jarrett – kombinert med ein grunnleggjande kjærleik til blues og soul, framfører  Austad musikk som treff både hjarte og hjerne – enten det er eigne låter, Cole Porter eller David Bowie.

Med seg har han bassist Magne Thormodsæter kjend frå Bergen Big Band, samt hundrevis av små og store prosjekt i Bergen, og supertrommeslagar Håkon Mjåset Johansen frå mellom anna Come Shine, Trondheim Jazzorkester og Chick Corea.

«One of the most beautiful and delicate albums from recent times…» (musenblaetter.de)

 

Onsdag 18. sept. – BERGEN

Torsdag 19. sept. – STAVANGER

Fredag 20. sept. – ØYSTESE

Lørdag 21. sept. – JØLSTER

Søndag 22. sept. – FLORØ

 

ØYVIND DALE TRIO

ØYVIND DALE piano ADRIAN MYHR bass DAG MAGNUS NARVESEN trommer

Jazzlinja i Stavanger eksaminerer ut  stortalent på rekke og rad – ein å verkeleg halda eit auge med er Øyvind Dale. Den smakfulle pianisten og komponisten har jobba mest med større ensembler –  ikkje minst i eigen sekstett, Significant Time og DaMaNa – men no vil han ha meir fridom til å leika i eit mindre format. I ein tradisjonell pianotrio får kvar utøvar meir plass og strukturane vert meir gjennomsiktige. Med seg har han Adrian Myhr – travel bassist, mellom anna i Dr. Kay & his interstellar tone scientists, og Dag Magnus Narvesen frå Sasquatch, Kitchen Orchestra og Gunhild Seim. Vakkert og sentimentalt med eit telepatisk samspel.

«…den ytterst lovende pianisten Øyvind Dale markerer seg med nydelig og gjennomtenkt spill» (Salt Peanuts)

 

Onsdag 20. nov. – STAVANGER

Torsdag 21. nov. – BERGEN

Fredag 22. nov. – ØYSTESE

Lørdag 23. nov. – VOSS

Søndag 24. nov. FLORØ

 

CAMILLA HOLE TRIO

CAMILLA HOLE saksofon FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass KNUT KVIFTE NESHEIM trommer, vibrafon

Folkemusikken høyrer ikkje fortida til, den skal førast vidare av, og til alle som ser verdi i dei vakre, tradisjonssterke melodiane. Med denne innstillinga tar Camila Holm – saksofonist frå Breim i Nordfjord, utdanna i Stavanger og Telemark,  og busett i Oslo – ny og gamal folkemusikk frå Sogn og Fjordane, og tolkar dei med moderne instrument og eigne preferansar.  Kombinasjonen lét moderne og samstundes utruleg vakkert.

Med seg har Hole fått Fredrik Luhr Dietrichson frå mellom anna Moskus og Skadedyr, samt Knut Kvifte Nesheim frå BenReddik og Fri-Ensemblet. Saman finn dei essensen i musikk som har blitt vidareførd gjennom generasjonar og tilfører det noko eige og ekstra.

 

Torsdag 5. des. – FLORØ

Fredag 6. des. – SANDANE

Lørdag 7. des. – VOSS

Søndag 8. des. – ØYSTESE

Mandag 9. des. – BERGEN

Fra forsiden

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!