Nyheter

Vårens turneer

Her er turné-programmet for våren 2020. Det er hele fem band og stor variasjon i alder og uttrykksform. Ta kontakt om du finner noe du vil sette opp.

TOR YTTREDAL IMPRESSION QUARTET

Ledig for booking: 27/1-2/2

TOR YTTREDAL saksofonar STÅLE STORLØKKEN tangentar OLE MORTEN VÅGAN bass AUDUN KLEIVE trommer

Nærare eit superband i norsk musikkliv er det ikkje mogleg å koma! Stavangermusikar Tor Yttredal er ein premissleverandør i Stavanger sitt musikkliv som fortener eit langt større publikum. No har han sett saman eit draumeband med Audun Kleive frå The Chasers og Jøkleba, Ståle Storløkken frå Supersilent og Elephant9, og superbassist Ole Morten Vågan frå Trondheim Jazzorkester og Motif. Sjølv har Yttredal jobba mest med å få andre musikarar til å låta betre – no er vi heldige som får høyra kva han har på hjartet saman med nokre av Noregs fremste musikarar.

 

ERLEND APNESETH: FRAGMENTARIUM

Ledig for booking: 10/2-16/2

ERLEND APNESETH hardingfele STEIN URHEIM gitar, elektronikk ANJA LAUVDAL piano, elektronikk IDA LØVLI HIDLE akkordeon FREDRIK LUHR DIETRICHSON kontrabass HANS HULBÆKMO slagverk

Tingingsverk til Kongsbergjazz som er så bra at det berre må vidare på Stamvegturne. Hardingfelewonderboy Apneseth tar løftar folkemusikk til eit nytt nivå med ei passe blanding av respekt og lausriving frå tradisjonane. Bandleiaren er ein av landets fremste unge felespelarar, opptrer i A-klassen under Landskappleiken, har vore solist med Bergen Filharmoniske Orkester og har etterkvart mottatt nok prisar til å gjera støvtørking på ei peishylla ei komplisert affære. Han står med begge beina i norsk tradisjonsmusikk, og – med klangane frå hardingfele og folkemusikken – skaper han dei vakraste tonane.

 

HILDO

Ledig for booking: 11/3-15/3

BERIT OPHEIM vokal TORE BRUNBORG saksofon STEIN URHEIM strengeinstrument STEINAR RAKNES bass KÅRE OPHEIM trommer DAVID SOLHEIM lyd

Med uvanleg fin klang ljoma kyrkjeklokka «Hildo» over Vossevangen i hine år. Så fin var klangen at det er laga fleire folketonar til ære for klokka. Segnet seier at elles kloke vossingar var dum nok til å låna Hildo ut til Bergen, men båten sokk undervegs. Konserten HILDO hadde premiere på Vossa Jazz i 2018. Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

 

TOIVO

Ledig for booking: 23/3-29/3

ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG kontrabass MATHIAS MARSTRANDER gitar AKSEL RØED saksofon ANDREAS HATZIKIRIAKIDIS trompet SIGURD STEINKOPF trommer

Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem Toivo med musikk inspirert frå sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt. Toivo er prosjektet til bassist og komponist Arne Toivo Fjose Sandberg, og starta opp i 2017. Låtmaterialet er basert på komponisten sin oppvekst og bakgrunn, godt hjulpen av eit ekstremt tett samspel mellom bass og trommeslagar Steinkopf, og intenst leikne solistar. Ungdommeleg og entusiastisk jazz som platedebuterer i 2020!

 

FRONT!FRONT

Ledig for booking: 20/4-26/4

CECILIE GRUNDT saksofon CHRISTIAN CUADRA saksofon TORE HODNELAND gitar DAVID ANDERSSON bass ÅSMUND SMIDT trommer

Front!Front er ECM-lyden av enkle og lyriske melodiar som tar rennefart inn i frijazzen frå sekstitalet. Med seks sterke personlegdomar i bandet brukar dei friksjonen dette skaper til å lage eit svært så variert lydlandskap, der det skjøre møter det brutale i ein uvanleg leiken og spontan kvintett. Gjengen har bakgrunn frå Jazzlinja i Trondheim, og kjem med ein kombinert teknikk og musikalitet som får lyttaren ytst på stolkanten. Energisk, humørfylt og telepatisk samspelt!

 

Den Musikalske Stamvegen er Vestnorsk Jazsenter sitt turneprogram. Sidan starten i 2008 er det produsert meir enn 300 konsertar fordelt på 50 ulike scenar i regionen. Om lag 150 profesjonelle utøvarar – hovudsakleg frå vestlandet – har medverka.

Fra forsiden

Nyheter

«Under Bakken» til Vossa Jazz

Konsertforestillingen ble bestilt til Sildajazz for 2 år siden og er laget for barn mellom 5 og 10 år. Her blir ny musikk rammet inn av en visuell ramme som gir fantasifulle og levende bilder av livet under bakken. Nå gleder vi oss til en ny visning lørdag 23. mars.

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.