Nyheter

Øyvind Dale Trio

Endelig, Øyvind Dale med egen pianotrio!

ØYVIND DALE piano ADRIAN MYHR bass DAG MAGNUS NARVESEN trommer

Jazzlinja i Stavanger eksaminerer ut  stortalent på rekke og rad – ein å verkeleg halda eit auge med er Øyvind Dale. Den smakfulle pianisten og komponisten har jobba mest med større ensembler –  ikkje minst i eigen sekstett, Significant Time og DaMaNa – men no vil han ha meir fridom til å leika i eit mindre format. I ein tradisjonell pianotrio får kvar utøvar meir plass og strukturane vert meir gjennomsiktige. Med seg har han Adrian Myhr – travel bassist, mellom anna i Dr. Kay & his interstellar tone scientists, og Dag Magnus Narvesen frå Sasquatch, Kitchen Orchestra og Gunhild Seim. Vakkert og sentimentalt med eit telepatisk samspel.

«…den ytterst lovende pianisten Øyvind Dale markerer seg med nydelig og gjennomtenkt spill» (Salt Peanuts)

Onsdag 20. nov. STAVANGER

Torsdag 21. nov. BERGEN

Fredag 22. nov. ØYSTESE

Lørdag 23. nov. VOSS

Søndag 24. nov. FLORØ

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).