Nyheter

Turné-program høst, 2020

Her finner du info og bilder for høst-programmet 2020. Bare å ta kontakt om du finner noe du vil sette opp på din klubb!

Benedicte Maurseth – Hárr

BENEDICTE MAURSETH hardingfele MATS EILERTSEN kontrabass HÅKON STENE perkusjon, vibrafon, elektronikk JASSER HAJ-YOUSSEF viola d’amore

Folkemusikk for framtida! Benedicte Maurseth tar arven frå den norske folkemusikken inn i ei moderne drakt med klare impulsar frå improvisert- og nordafrikansk musikk i eit nyskrive tingingsverk – opphavleg laga til Hardanger Musikkfest. Frå Hårteigen – høgste fjellet på Hardangervidda heitte Hárr i norøn tid – har bandet musikalsk utsikt over heile kloden – inkludert lyden av reinsdyr og fuglar, av jegerar og gjetarar. Verdsmusikk med hjarte og hjerne!

Som ein av våre fremste felespelarar har Benedicte Maurseth sloppe plater på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim.

TILGJENGELIG FOR BOOKING: 6-13. SEPT. 2020

Håvard Ersland Trio

HÅVARD ERSLAND piano STIAN ANDREAS EGELAND ANDERSEN kontrabass TROND MARTIN TANKE trommer

Med eit stort musikalsk overskot kjem tre musikarar som trass ung alder er telepatisk samspelte – heile tida lyttande, kreative og søkjande – i målet med å gje låtane fortent kvalitet og henta fram lekre detaljar. Trioen – med tilknyting til Stavanger, Haugesund og Imsland – har jobba saman i fleire år og vore på fleire turnear, mellom anna i Sør-Afrika og Danmark. Dei er i tillegg aktive i fleire band og prosjekt som Klossmajor, ZULU, Lassen og Baker Hansen.

Tidligere i år vann pianist Håvard Ersland Sildajazz-prisen. I fjor vann denne trioen “Jazz i sikte” konkurransen i Stavanger, takka være eit heilt unikt utrykk med tett samspel og sterke komposisjonar.

TILGJENGELIG FOR BOOKING: 12-18. OKT. 2020

Bounce Alarm

CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon, STURLA HAUGE NILSEN trompet ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte MORTEN BERGER STAI kontrabass RINO SIVATHAS trommer

Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem BounceAlarm – eit ensemble med store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart – ikkje minst i møte med born og ungdom. BounceAlarm har allereie spelt på London Jazzfestival og All About Jazz var begeistra: «Many jazz genres could be namechecked as the group changed between whiplash bop breaks, detailed and restrained cool jazz, cooking hard bop and rock energy.»

Ein lettare sprø sekstett som fenger og underheld publikum i alle aldrar – og som vil passa for både borne-, ungdoms- og vaksenkonsertar.

TILGJENGELIG FOR BOOKING: 9-15. NOV. 2020

Fra forsiden

Nyheter

Sildajazz 2020

Onsdag starter årets Sildajazz, og nærmere 40 arrangementer og konserter vil gå av stabelen i løpet av fem tettpakkede dager.

Nyheter

Jazzknappleik

Paal Nilssen-Love og Jens Borge har trommet sammen hele 18 improvisasjonsmusikere fra Vestlandet til en to dagers festival midt i august. Festivalen begynner i Bergen og slutter i Stavanger.

Meld deg på vårt nyhetsbrev