Nyheter

Turné-program vår 2021

Her kan du se vår-menyen for Den Musikalske Stamvegen 2021. Fire fantastiske band med masse å by på! Ta kontakt om du ser noe du vil presentere på klubben din.

BUILDING INSTRUMENT

MARI KVIEN BRUNVOLL røyst, diverse elektronikk, perkusjon, zither ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon ÅSMUND WELTZIEN diverse tangentar

Building Instrument er ein Bergensbasert trio som blandar akustiske og
elektroniske uttrykk i fargerike komposisjonar. Den musikalske reisa går frå
catchy rytmar, via frie improviserte parti, til kjenslelada melodiar med eit
filmmusikkaktig preg . Sidan starten i 2008 har dei innimellom ein travel
kvardag – Mari Kvien Brunvoll er Spellemann-nominert soloartist, Øyvind
Hegg-Lunde regjerer impro-scena på vestlandet i ei rekkje med band,
medan Åsmund Weltzien gjer underverker for Thea Næss –  sloppe
3 plater på plateselskapet Hubro. Tekstane er på moldenserdialekt, skrive av
vokalist Mari Kvien Brunvoll, musikken lagar dei saman. Som band dannar dei
eit unikt uttrykk – i låtane så vel som visuelt på scena –  som høyres berre
ut som nettopp Building Instrument.

Turné-periode: 8.-16. februar


FINT FRANSK ORKESTER

JOHAN EGDETVEIT trekkspel DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar. Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.

Turné-periode: 22.-28. februar

BOUNCEALARM

CHRISTIAN CAUADRA altsaksofon, STURLA HAUGE NILSEN trompet ELISABETH LID TRØEN tenorsaksofon INGRID ØYGARD STEINKOPF piano, fløyte MORTEN BERGER STAI kontrabass RINO SIVATHAS trommer

Frå jazzlinja i Trondheim og med debutplata om hjørnet kjem BounceAlarm – eit ensemble med store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart – ikkje minst i møte med born og ungdom. BounceAlarm har allereie spelt på London Jazzfestival og All About Jazz var begeistra: «Many jazz genres could be namechecked as the group changed between whiplash bop breaks, detailed and restrained cool jazz, cooking hard bop and rock energy.»

Ein lettare sprø sekstett som fenger og underheld publikum i alle aldrar – og som vil passa for både borne-, ungdoms- og vaksenkonsertar.

Turné-periode 8.-14. mars

SEGLEM TRIO

KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer

Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl  Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehornblåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han har gjeve ut over 30 plater, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike besetningar. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket til Vossa Jazz. No kjem han att med nytt band saman med felespelar Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar og soloartist, og Kåre Opheim, kjend frå mellom anna Real Ones.

Turné-periode: 19.-26. april

Fra forsiden

Nyheter

Stamveg-utvalg vår 2025

Det kom inn 48 søkere på søknadsfristen vår 1. februar. I samråd med Kunstnerisk Utvalg bestemte vi oss for disse tre prosjektene/bandene for vår 2025.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!