Nyheter

Høstens stamveg-program

Frode Gjerstad Trio + 1, Skakke Sanger, Havene og Knut Kristiansen Trio.

Uke 36: Frode Gjerstad Trio + 1

FRODE GJERSTAD saksofon

PAAL NILSEN-LOVE slagverk

JON RUNE STRØM bass

ØYVIND STORESUND bass

Han er fylt 70, men norsk frijazz sin gudfar er framleis vital som aldri før. På laget har han med seg dei framste representantane frå nye generasjonar med improvisasjons-bråkebøtter, manifestert gjennom Paal Nilsen-Love, Noregs mest ekspressive trommeslagar – og eit heilt buekorps åleine. Bassist Jon Rune Strøm har mellom anna bakgrunn frå Mats Gustafsson og Petter Wettre sine prosjekt, medan Øyvind Storesund kjem frå Cloroform, Kaada og Kaizers Orchestra. Ver budd på intens energi og telepatisk samspel. 

Uke 39: Skakke Sanger

BRITT-SYNNØVE JOHANSEN vokal

JOHN LILJA bass, ukulele, mandolin, vokal

JOHAN EGDETVEIT trekkspel, vokal

Britt-Synnøve, John og Johan bur i ei rar verd som er befolka av skumle folk og dyr, men sjølv om dei er skumle vert det morosamt likevel. Her dukkar det opp vampyrar, her kjem farleg fisk, og ikkje minst ein dansande krokodille. Sjølvsagt er den svingande musikken skreddersydd til tekstane – vampyrsangen har transylvansk 7-takt, krokodillen dansar til gloheit zydeco og pirayaen går fullstendig zombie… eg meiner samba… Skummelt og morosamt frå ein virtuos og samspelt trio.

«Skakke sanger er en oppfinnsom, original, spennende og knallgod barneplate… Dette er en utgivelse Spellemann-komiteen for barneplater bør notere seg.» (Stavanger Aftenblad)

Uke 42: Havene

AMALIE HOLT KLEIVE vokal, elektronikk

JONAS FLEMSÆTER HAMRE saksofon

ARNE TOIVO FJOSE SANDBERG bass

MARTIN WRIGHT THORSEN trommer

Griegakademiet i Bergen fortset å klekka ut nye representantar for framtidas musikkliv. Havene, med vokalist Amalie  Holt Kleive i front spelar atmosfærisk, psykedelisk og rå musikk. Legg til  Arne Fjose Sandberg, Martin Wright Thorsen og Jonas Flemsæter Hamre så har du en kvartett som lét eksplosivt og poetisk på ein gong. I tett samarbeid med produsent Matias Tellez har bandet funne eit uttrykk som fangar opp impulsane til kvar enkelt medlem og kjører over alle sjangeromgrep.

«…innvikla komposisjoner med groovy basslinjer og fills og overganger som gjør at en aldri mister oppmerksomheten. […]Amalie Holt Kleive synger utrolig fine, såre norske tekster som tar akkurat passe oppmerksomhet i låtene, uten at alt dreier rundt dem.» (jazzinorge.no)

Uke 44: Knut Kristiansen Trio

KNUT KRISTIANSEN piano 

MAGNE THORMODSÆTER bass 

SIGURD STEINKOPF trommer

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand og Ornette Coleman.

Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal. Slagverkar Sigurd Steinkopf har ikkje rukke å bli 25 år enno, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing.

Fra forsiden

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.

Nyheter

Årets Jazz i Sikte-vinnere

Det ble to innholdsrike mini-festivaler i Bergen og Stavanger med til sammen 11 band som alle hadde masse å by på og som vi gleder oss til å høre med av. Juryene plukket ut to band for å spille på årets Nattjazz. Gratulerer!