Nyheter

Frode Gjerstad Trio + 1

Torsdag 9. sept.: Spor 5, Stavanger // Fredag 10. sept.: Kulturkirken Skåre, Haugesund // Lørdag 11. sept.: Stereo, Bergen // Søndag 12. sept.: Kabuso, Øystese

FRODE GJERSTAD saksofon, klarinett

PAAL NILSSEN-LOVE slagverk

JON RUNE STRØM bass

ØYVIND STORESUND bass

Han er fylt 70, men norsk frijazz sin gudfar er framleis vital som aldri før. På laget har han med seg dei framste representantane frå nye generasjonar med improvisasjons-bråkebøtter, manifestert gjennom Paal Nilssen-Love, Noregs mest ekspressive trommeslagar – og eit heilt buekorps åleine. Bassist Jon Rune Strøm har mellom anna bakgrunn frå Mats Gustafsson og Petter Wettre sine prosjekt, medan Øyvind Storesund kjem frå Cloroform, Kaada og Kaizers Orchestra. Ver budd på intens energi og telepatisk samspel. 

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).