Nyheter

Turné-tilbud vår 2022

Til våren skal Brio Trio, Fint Fransk Orkester og Ny, ny Bris ut på tur. Ta kontakt ved interesse.

BRIOTRIO

INGRID ØYGARD STEINKOPF piano
THOMAS LINDE LOSSIUS bass
ARNE SKORPE SJØEN trommer

Innimellom alle amerikanske og skandinaviske jazztradisjonane – tenk Red Garland og Bill Evans, Close Erase og Moskus – har pianotrioen Briotrio laga seg eit hjørne med unikt særpreg. Jordnære melodiar, leikne soloar og eit telepatisk samspel kommuniserer tett som ein stovekonsert med kvar enkelt i publikum.

Pianotrioen vart starta i 2015 av Arne og Ingrid. Dei to musikarane har vore kjente over lengre tid, så då Arne flytta til Bergen, bestemte dei seg for at dei ville starte band. Etterkvart fekk dei med seg bassist Thomas Linde Lossius. Alle musikarane er frå vestlandet, og det er i denne delen av landet dei har spelt hovuddelen av sine konsertar. Musikarane er aktive i det unge norske jazzmiljøet, og har utdanning frå universiteta i Trondheim, Cape Town, Stavanger og Bergen. Vakker og ettertenksam musikk med hypnotiserande melodilinjer.

Briotrio på Spotify

Turné-periode: uke 6

FINT FRANSK ORKESTER

JOHAN EGDETVEIT trekkspel
DOMINIQUE BRACKEVA vokal, trombone
EVA BJERGA HAUGEN vokal, tangentar
ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar, vokal
THEODOR BARSNES ONARHEIM kontrabass

Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar.

Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.

Fint Fransk Orkester på Spotify

Turné-periode: uke 11

(Turneen var egentlig satt opp tidligere i år, men ble utsatt pga. covid.)

NY, NY BRIS

DAG ARNESEN piano
ELISABETH LID TRØEN saksofonar
AKSEL RØED saksofonar
HANS MARIUS ANDERSEN trompet
ARNE TOIVO bass
SIGURD STEINKOPF trommer

Det er ikkje tvil om at vinden bles Dag Arnesens veg. Med seg har syttiåringen brakt norsk folkemusikktradisjon ut av landet til eit internasjonalt jazzpublikum på ein måte som berre Jan Johansson kan matche i Skandinavia. Samstundes har han vore den som har eit vakent auge for nye talent, og har ikkje kvidd seg for å ta nytt blod inn i banda sine.

Ny Bris – som slo gjennom på tidleg åttital – har framleis kultstatus i Bergen, og vart eit springbrett for ein ny generasjon musikarar. På scena er han den lyttande, alltid klar til å respondera på innspel frå medmusikantar, og – det finaste av alt –  alltid klar for å gje nye talent rampelyset. 40 år etter debuten gjer han det igjen!

Ny Bris er tilbake i ei splitter ny besetning med bakgrunn frå Griegakademiet i Bergen – og ei ungdomskjelde for ein pianist som lét ung og vital som aldri før!

Ny Bris på Spotify

Turné-periode: uke 17

Fra forsiden

Nyheter

Sommerjazzkurs 2024

25.-30. juni arrangerer vi som vanlig Sommerjazzkurs for unge musikere. Også i år er vi på Thon Hotel på Skei i Jølster hvor de har bra fasiliteter, god mat og ikke minst en strålende, lokal samarbeidspartner i Jølster Jazzklubb.

Nyheter

Pantome 448c with Cumin

Etter en svært vellykket konsert på Nattjazz er neste mulighet for å høre Mira Thiruchelvams fantastiske bestillingsverk med Vestnorsk Jazzensemble 10. og 12. august i Haugesund og Oslo.