Nyheter

Fin Fransk Turné

Fint Fransk Orkester er det næraste du kjem Montmatre i Paris utan å forlata Noreg. I mars kan du høyre dei i Suldal, Øystese, Sogndal, Jølster og Florø.

Med stil, eleganse, humor og virtuos speleglede blir du tatt med på ei reise djupt inn i den franske chanson-tradisjonen der du møter ei særeigen verd av originale låtar og fargerike rollefigurar. Med nypolert trombone, nystemt trekkspel og nydeleg song er musikken i hovudsak komponert av bandet sjølv, men med innslag frå franske forgjengarar som Serge Gainsbourg, Edith Piaf og Django Reinhardt. Cabaret, string-swing og hip hop. Chansons, hjerte og smerte.

EVA BJERGA HAUGEN vokal DOMINIQUE BRACKEVA trombone JOHAN EGDETVEIT trekkspill ANDREAS BARSNES ONARHEIM gitar THEODOR BARSNES ONARHEIM bass

Onsdag 16. mars: Suldal Kulturhus

Torsdag 17. mars: Kabuso, Øystese

Fredag 18. mars: Blaoboxen, Sogndal

Lørdag 19. mars: Jølster Jazzklubb

Søndag 20. mars: Florø Kulturhus

Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40 konserter i året i Vestland og Rogaland. Siden oppstarten har ca. 170 musikere vært med, de fleste av dem bosatt på Vestlandet.

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).