Nyheter

Høstens Stamveg-turneer

Mange fine turneer å se frem til i høst. Løp og kjøp! Eller rettere sagt, send oss en mail eller ring om det er noen band du vil arrangere konsert med.

Uke 39: THOMAS TOSTRUP QUARTET

THOMAS TORSTRUP piano SIMEN KIIL HALVORSEN trompet STIAN ANDERSEN bass IVAR ASHEIM trommer

Førestill deg ei Blue Note-plate frå 60-talet, men med moderne spennvidde. Thomas Torstrup står i ein stolt jazztradisjon med blikket retta framover og hentar det beste frå alle delane. Pianisten og organisten frå Stavanger er utdanna ved jazzlinja i Trondheim og platedebuterte i 2014 med albumet Snøkorn. I tillegg har han jobba mykje med sjangeroverskridande orgelprosjekt. I 2021 kom den kritikarroste kvartettplata Two Brothers – dedisert til tvillingborna – og no kjem endeleg musikken seg på turne. Med seg har han eit solid knippe musikarar med bakgrunn frå mellom andre Mongrel, Andrew D’Angelo og Lassen.

«From swinging bars and tight knit unison passages over brilliant soloistic breaks to Latin grooves, Two Brothers presents awide range of jazz bound to the tradition but firmly rooted in the present at the same time.» (All About Jazz)

Uke 41/42: LEKEROMMET

KAROLINE WALLACE vokal, synth PETTER ASBJØRNSEN kontrabass HÅVARD FUNDERUD  trombone, synth, diverse

«Kyllingen som ikke kunne synge» er ei historie om den fisefine kyllingen som var lei av det skitne livet på bondegarden. Han drøymer om ein dag å få bu på sjølvaste slottet, langt vekke frå grisebæsj og hestepromp. Dette vil han få til ved å smelta kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngje. Lekerommet lagar førestillingar for born og familiar, og alle har bakgrunn frå jazzlinja på Griegakademiet i Bergen. Historiene og musikken er sjølvskrive med mål om å skapa dansbar, songbar og spanande ny musikk for born. Stykket vart først framførd på Festspillene i Bergen i 2014 og seinare på fleire store festivalar i Noreg. I 2017 kom «Kyllingen som ikkje kunne synge» på plate, og sidan det har dei vore eit populært innslag på Den Kulturelle Skolesekken.

Uke 46: GABRIELA GARRUBO

GABRIELA GARRUBO vokal ELISABETH LID TRØEN saksofon JOHANNES AAGAARD gitar NILS HENRIK SAGVÅG kontrabass AUDUN HUMBERSET perkusjon CATO LYNGHOLM trommer

Gabriela Garrubo har vore eit stjerneskot på musikkscena i Bergen og Noreg dei siste åra. Tekstane – på engelsk og portugisisk – handlar om å finna seg sjølv og styrke i ei kaotisk og urettvis, men også fin verd, medan musikken kombinerer skandinavisk jazz og brasiliansk musikk frå åttitalet. Etter opptreden på Vill Vill Vest gav Bergens Tidende konserten 6 av 6 hjarter og skreiv: «Måten hun silkemykt beveger seg gjennom skalaene og veksler mellom myke toner og hissige støt, er til å bli bergtatt av.» Debutplata kjem til hausten!

Fra forsiden

Nyheter

«Under Bakken» til Vossa Jazz

Konsertforestillingen ble bestilt til Sildajazz for 2 år siden og er laget for barn mellom 5 og 10 år. Her blir ny musikk rammet inn av en visuell ramme som gir fantasifulle og levende bilder av livet under bakken. Nå gleder vi oss til en ny visning lørdag 23. mars.

Nyheter

Meelodi på turné

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. I april kan du høre det live i Haugesund, Øystese, Bergen, Florø og Førde.