Nyheter

Vossa Jazz 2022

Endelig ser årshjulet i jazznorge ut til å rulle slik det pleier. Det er ikke det samme med påske uten først å ha vært på festival på Voss! Vi har stilt festivalsjef Trude Storheim fire spørsmål som vi har lurt på.

1: Hva har covid-pausen gjort mtp. apparatet deres og rutinene? Har noen falt fra, er det noe organisasjonen har «glemt» hvordan gjøres?

Det er ingen tvil om at covid har hatt ein effekt på hukommelsen; både det å leva i ei «bobla» i to år og verknaden mange av oss opplever etter å ha vore sjuke, men tanke på at ein må jobba dobbelt så hardt for å hugsa enkle ting. Då me måtte avlysa festivalen i palmehelga 2021 bestemte me fort at me ville gjennomføre festivalen i løpet av året. Vossa Jazz i september var annleis på mange måtar, men eg er veldig glad for at me gjorde det! At festivalen då hamna midt i gjenopninga av landet gjorde at me kunne feira livet og musikken litt ekstra. Grunna pandemien vart det rekruttert mange nye medarbeidarar som er busett på Voss, det har altså kome til ein del nye folk og det er veldig kjekt!

Konklusjonen på festivalen i september var at me var rustne, men robuste. Det er eit godt utgangspunkt med tanke på årets festival, den vert «normal» og vonarleg robust og glitrande!

 

2: Er det noen festival du selv ser opp til enten det er program- eller produksjonsmessige forhold som utmerker seg spesielt positivt?

Eg likar alle festivalar som går smertefritt for oss som er publikum, men òg tek ekstra godt vare på artistane. Eit spanande musikalsk program er det viktigaste, men det er òg kjekt å møta blide medarbeidarar som gjer at ein føler seg velkomen. Det er mange gode festivalar i dette landet, både små og store. Eg syns det er vanskeleg å trekka fram ein, men eg set pris på festivalar som tenkjer ut av boksen og tilpassar innhald og form etter den staden festivalen vert skipa til.

 

3: Hvis du hadde alle arrangørene på Vestlandet foran deg og du ble utfordret til å ta opp en ting for å inspirere og motivere. Hva ville den ene tingen vært?

Gleda ved å få jobba med musikk, festival og konsertar! Me er så heldige som er del av denne bransjen og kjærleiken til kunsten, folka og det at ein skapar noko saman gjev ei unik kraft. Det har vore ei tung  tid for mange i kulturbransjen, men no er det på tide å sjå framover og å få fokus på den energien, utfordringa og gleda som gjer at me driv med det me driv med.

 

4: Hvis du spiller i et band og har lyst å spille på Vossa Jazz neste år, hvordan går du frem?

Lager god musikk som du sender til Vossa Jazz, gjerne med ein kort presentasjon av musikarane og kva type konsert dei ynskjer presentera. Det er ikkje all musikk som passar på alle scener og det kan vera lurt å sjekka ut kva musikalsk profil festivalen har og kva scener som er aktuelle. Hugs og at om ein ikkje får jobb, kjem det fleire festivalar. Det er lurt å ikkje surna om ein ikkje får napp..

Årets festival går fra 8.-10. april og starter allerede fredag på dagtid med en kulturkonferanse med tittelen «Klok av skade?» for oss som er interessert i kulturpolitikk. Så følger det musikalske høydepunkter på rad og rekke. Besøk vossajazz.no for full oversikt over programmet, billetter med mer.

Fra forsiden

Nyheter

Vestnorsk Jazzsenter 25 år

Tiden flyr når man har det gøy – og plutselig kan Vestnorsk Jazzsenter (VNJS) krysse av for 25 aktive år som produksjons- og kompetansesenter på Vestlandet!