Nyheter

Ny, Ny Bris

40 år etter suksess-albumet kan du høre musikken på ny. Med ny-arrangert musikk og nytt band.

DAG ARNESEN piano ELISABETH LID TRØEN saksofonar AKSEL RØED saksofonar HANS MARIUS ANDERSEN trompet ARNE TOIVO bass SIGURD STEINKOPF trommer

Det er ikkje tvil om at vinden bles Dag Arnesens veg. Med seg har syttiåringen brakt norsk folkemusikktradisjon ut av landet til eit internasjonalt jazzpublikum på ein måte som berre Jan Johansson kan matche i Skandinavia. Samstundes har han vore den som har eit vakent auge for nye talent, og har ikkje kvidd seg for å ta nytt blod inn i banda sine.

Ny Bris – som slo gjennom på tidleg åttital – har framleis kultstatus i Bergen, og vart eit springbrett for ein ny generasjon musikarar. På scena er han den lyttande, alltid klar til å respondera på innspel frå medmusikantar, og – det finaste av alt –  alltid klar for å gje nye talent rampelyset. 40 år etter debuten gjer han det igjen! Ny Bris er tilbake i ei splitter ny besetning med bakgrunn frå Griegakademiet i Bergen – og ei ungdomskjelde for ein pianist som lét ung og vital som aldri før!

Torsdag 28. april: STAVANGER

Fredag 29. april: STORD

Lørdag 30. april: FØRDE

Fredag 27. mai: BERGEN

Foto: Helge Hansen, Montag.no.

Fra forsiden

Nyheter

PNL + VNJE

Bestillingsverk fra mestertrommeslager! Første konsert blir på Nattjazz 29. mai kl. 20:00 og neste blir på Sildajazz torsdag 6. august kl. 20:00, Stavanger Jazzforum 30. september og Victoria Nasjonal Jazzscene 1. oktober. Med komposisjoner av Paal Nilssen-Love og et spennende ensemble som teller 9 musikere.

Nyheter

Høst 2027: SOFI

Varmt, nært og akustisk. Om fragmenterte barndomsminner og hvordan vi forsøker å sette sammen en sammenhengende historie av noe som egentlig er ufullstendig. På engelsk, italiensk, spansk og guarani. Tilgjengelig for booking 13.-19. november 2027.

Meld deg på vårt nyhetsbrev