Nyheter

Trøen/Arnesen Kvartett

Onsdag 1. feb. VOSS
Torsdag 2. feb. STAVANGER
Fredag 3. feb. BERGEN
Lørdag 4. feb. HAUGESUND

ELISABETH LID TRØEN saksofon DAG ARNESEN piano OLE MARIUS SANDBERG bass SIGURD STEINKOPF trommer

«New Paintings of Jazz» er Elisabeth Lid Trøen sitt første tingingsverk, framførd på Vossa Jazz i 2022. Gjennom nyskrivne originalkomposisjonar utforskar ho sine musikalske dragningar og interesser – frå Keith Jarret, John Coltrane og Joe Henderson til Edvard Grieg og norsk samtidsjazz.

Elisabeth Lid Trøen spelte første gong med legendariske Andy Sheppard på Voss i 2010. Han vart så imponert at han sporenstreks inviterte henne inn i ensemblet sitt. Sidan har ho mellom anna samarbeidd med Bergen Big Band, Klangen av Hoem og Bouncealarm. 

Bergensaren Dag Arnesen har vore eit ikon i den norske jazzen i ei årrekkje, men har framleis ei ungdommeleg nyfikne og trong til å leika med tradisjonane. Anten han tolkar Grieg, Bull og norske folketonar på ”Norwegian song,” eit prosjekt som kan minna om ein norsk variant av Jan Johanssons  ”Jazz på svenska,” eller sine eigne komposisjonar, er dei alltid framførd med stor eleganse og smakfull klang.

Ole Marius Sandberg er Bergensbusett bassist frå Jazzlinja i Trondheim og Griegakademiet i Bergen, med bakgrunn frå Skomsork, Jan Eggum og Herbjørg Kråkevik, så vel som eigne prosjekt. Slagverkar Sigurd Steinkopf har knapt fylt 25, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing, samt pianolegenda Knut Kristiansen. 

Onsdag 1. feb. VOSS
Torsdag 2. feb. STAVANGER
Fredag 3. feb. BERGEN
Lørdag 4. feb. HAUGESUND

Turneen er en del av Den Musikalske Stamvegen. Vil du på turné? Søknadsfrist 1. feb.

Fra forsiden

Nyheter

Varm lunsj / digital ambivalens

10. desember kl. 13:00-15:00 blir det musikersamling på Kulturhuset i Bergen. Det blir gryterett med brød og salat og hyggelig samvær med andre musikere. Vi får også digitalt besøk av musikk- og medieviter Anja Nylund Hagen

Nyheter

Sommerjazzkurs 2026

Torsdag 25. juni t.o.m. mandag 29. juni 2026 blir det Sommerjazzkurs på Skei i Jølster. Vil du være med? Her finner du påmeldslink og info om kurset.