Torsdag 23/3: STAVANGER
Fredag 24/3: BERGEN
Lørdag 25/3: SKEI
Søndag 26/3: ØYSTESE
Mandag 27/3: HAUGESUND
Med:
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele, viola d`amore
SIGBJØRN APELAND trøorgel, piano
Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982, Nils Økland Band og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.
Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.
INFO/BILLETTER:
Torsdag 23/3: Spor 5, STAVANGER
Fredag 24/3: USF Sardinen, BERGEN
Lørdag 25/3: Brunsj & Briller, SKEI
Søndag 26/3: Kunsthuset Kabuso, ØYSTESE
Mandag 27/3: Vangen Pling Plong, HAUGESUND
Amatør-opptak fra konsert:
Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40 konserter i året i Vestland og Rogaland. Siden oppstarten har snart 200 musikere vært med, de fleste av dem bosatt på Vestlandet. Vil du på turné? Neste søknadsfrist er 1. september 2023. Her kan du søke.