Nyheter

Aksel Røed Trio

Rykende ferske og tidenes yngste Vossa Jazz-pris-vinner Aksel Røed tar med seg Magne Thormodsæter (bass) og Tore Ljøkelsøy (trommer) på turné i uke 6 (2024).

AKSEL RØED saksofonar MAGNE THORMODSÆTER bass TORE LJØKELSØY trommer

Sjølv om dei tøyer strikken, så er det ikkje tvil om at inspirasjonen er henta frå den rike jazztradisjonen på 50- og 60-talet – med felles referansar i Ornette Coleman, Sonny Rollins, Sam Rivers og Coleman Hawkins. Trioen komponerer på sparket – men har latt det gå sport i å sjå kor lenge strekka kan framstå som planlagde. Undervegs går det både fort og sakte – mange balladar, nokre raske låtar, heile tida i tett og virtuost samspel.

Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge musikarane i Noreg i dag, med band som General Post Office, Other Aspects og Knut Kristiansen kvartett. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen. Magne Thormodsæter har gjort seg til kjenne i ei rekkje av viktige prosjekt i både inn- og utland, mellom anna Hildegunn Øiseth Kvartett, The Inventio Ensemble og Bergen Big Band, samt ein premissleverandør i opplæringa av nye musikarar som lårar på Griegakademiet. Tore Ljøkelsøy har hurtig spelt seg inn på elitelaget til norsk jazz med band som Bel, Lyder Røed Kvintett, Tore Ljøkelsøy kvartett og andre band som Local Store.

Aksel Røed Trio på Spotify.

Fra forsiden

Nyheter

MIRRA

Ein av fjorårets mest omtalte og kritikarroste album er no klar for Stamvegen med konsertar i Førde, Bergen, Odda, Haugesund, Stavanger, Sogndal og Voss. Godt mogleg at dei også vinn ein Spellemannpris på vegen. Dei er nemleg nominerte både i open klasse og til komponistprisen.

Nyheter

Møster/Nilssen

To av landets fremste jazzprofiler på Stamvegen: Kjetil Møster (saksofoner) og Gard Nilssen (trommer). De vil gjøre workshops og konserter i Stavanger, Odda, Husnes, Haugesund og Bergen.