Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. På turné i uke 16 (2024).
OLE ANDRE FARSTAD strengeinstrument, perkusjon MEDI FARMANI vokal NAWAR ALNADDAF vokal, oud vokal MIRA THIRUCHELVAM bansuri ANDERS BITUSTØYL bass, bassklarinett SNORRE BJERCK perkusjon
Globalt musikkprosjekt basert i Bergen, med tre album bak seg – der The Great Blue Wheel frå 2021 vart plassert som Top of the World i Songlines Magazine si Topp 10-oppsummering av året – og plate nummer fire like om hjørnet. Persisk og arabisk poesi møter rytmar og klang frå dei fleste verdshjørner i ein unik og særs vakker miks. Undervegs har Meelodi turnert på festivalar som Førdefestivalen, Melafestivalen, Folkelarm,Nattjazz, Bergen Internasjonale Musikkfestival og OK sessions på Nasjonal Jazzscene. Verdsmusikk med hjarte og hjerne.
Dei seks musikantane i bandet er kjende namn både i Bergen og utanfor. Snorre Bjerck er å høyre med blant anna Siwan, Batagraf og Transjoik. Her speler han saman med bassist Anders Bitustøyl som elles har turnert land og strand med Bjørn Tomren og Sigrid Moldestad. Mira Thiruchelvam er eit namn du vil høyre mykje om framover. Og om du ikkje kjenner ho frå før bør du absolutt gjere deg kjend med dette fantastiske talentet frå 9 Grader Nord, Gutu Abera og bandet til Karpe. Same med songar, oud-spelar og fløytist Nawar Alnaddaf. Ho kom frå Syria til Bergen i 2015 med ein musikalitet utanom det vanlege, noko ho i dag fordjupar seg vidare i på NMH i Oslo.
Medi Farmani er eigentleg kunst-malar, og i tillegg ein svært dyktig malar, men har med dette prosjektet vist at han og har utsøkt timing, røyst og ikkje minst scenisk nærvær. Primus motor Ole André Farstad er like komfortabel med lik-sminke i metal-bandet Abbath som på borne-konsertar med Tres Musicos. Han har sannsynlegvis også den største samlinga med streng-instrument du finn i – og eit godt stykke utanfor – Bergen.