Nyheter

AGBA

Torsdag 19. okt. BERGEN
Fredag 20. okt. ODDA
Lørdag 21. okt. HAUGESUND
Søndag 22. okt. SULDAL

PER JØRGENSEN trompet, røyst TERJE ISUNGSET perkusjon

Med utspring frå tungeknekkande Agbalagba Daada kjem Agba – med dei to mest leikne improvisatørane Noreg har å by på. Kvar for seg er dei leiande på sine instrument, saman kan kva som helst skje. Terje Isungset har brukt karriera på å ta i bruk verda rundt seg. Først med heimelaga tre-instrument saman med mellom anna Karl Seglem og Arve Henriksen, seinare med glas-instrument, og instrument laga av is. Per Jørgensen er kanskje mest kjend for trompetspelet sitt i Jøkleba, men har musikalske aner heilt attende til Bergen Bluesband. Han er også ein svært ettertrakta teatermusiker, og spelte mellom anna ei viktig rolle i suksess-framsyninga Vår Ære/Vår Makt.

Torsdag 19. oktober Landmark, Bergen

Fredag 20. oktober LittHus, Odda

Lørdag 21. oktober Haugesund Bibliotek (familiekonsert)

Søndag 22. oktober Suldal Kulturhus (familiekonsert)

Turneen er del av Vestnorsk Jazzsenter (VNJS) si turné-ordning Den Musikalske Stamvegen, som står bak ca. 30 konsertar gjennom året, i heile vestlands-regionen. Siden starten i 2008/2009 er det gjennomført 92 turnear, og 424 konsertar, og meir enn 370 musikarar har spilt på Stamvegen, i hovudsak musikarar busett i regionen.

Fra forsiden

Nyheter

Varm lunsj / digital ambivalens

10. desember kl. 13:00-15:00 blir det musikersamling på Kulturhuset i Bergen. Det blir gryterett med brød og salat og hyggelig samvær med andre musikere. Vi får også digitalt besøk av musikk- og medieviter Anja Nylund Hagen

Nyheter

Sommerjazzkurs 2026

Torsdag 25. juni t.o.m. mandag 29. juni 2026 blir det Sommerjazzkurs på Skei i Jølster. Vil du være med? Her finner du påmeldslink og info om kurset.