Nyheter

Cortex med Hedvig Mollestad

Avantagardistisk festmusikk på Stamvegen, med jazzkvartetten Cortex og selveste Hedvig Mollestad.

CORTEX med HEDVIG MOLLESTAD

THOMAS JOHANSSON trompet KRISTOFFER BERRE ALBERTS saksofonar OLA HØYER bass DAG ERIK KNEDAL ANDERSEN trommer HEDVIG MOLLESTAD gitar

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagd av Thomas Johansson i 2007, med originale komposisjonar, vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element, og musikarane deler ein felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet – Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar anten dei speler i eit vanvitig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei med seg den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hjå Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å riste av fryd.

Onsdag 6. mars BERGEN

Torsdag 7. mars HAUGESUND

Fredag 8. mars STORD

Lørdag 9. mars HUSNES

Søndag 10. mars SOGNDAL

Fotograf: Thor Egil Leirtrø

Fra forsiden

Nyheter

PNL + VNJE

Bestillingsverk fra mestertrommeslager! Første konsert blir på Nattjazz 29. mai kl. 20:00 og neste blir på Sildajazz torsdag 6. august kl. 20:00, Stavanger Jazzforum 30. september og Victoria Nasjonal Jazzscene 1. oktober. Med komposisjoner av Paal Nilssen-Love og et spennende ensemble som teller 9 musikere.

Nyheter

Høst 2027: SOFI

Varmt, nært og akustisk. Om fragmenterte barndomsminner og hvordan vi forsøker å sette sammen en sammenhengende historie av noe som egentlig er ufullstendig. På engelsk, italiensk, spansk og guarani. Tilgjengelig for booking 13.-19. november 2027.

Meld deg på vårt nyhetsbrev