Nyheter

Aksel Røed Trio

Kruttsterk trio åpner årets Stamveg-program i Haugesund, Voss, Øystese, Sogndal og Bergen.

Sjølv om dei tøyer strikken, så er det ikkje tvil om at inspirasjonen er henta frå den rike jazztradisjonen på 50- og 60-talet – med felles referansar i Ornette Coleman, Sonny Rollins, Sam Rivers og Coleman Hawkins. Trioen komponerer på sparket – men har latt det gå sport i å sjå kor lenge strekka kan framstå som planlagde. Undervegs går det både fort og sakte – mange balladar, nokre raske låtar, heile tida i tett og virtuost samspel.

Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge musikarane i Noreg i dag, med band som General Post Office, Other Aspects og Knut Kristiansen kvartett. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen. Magne Thormodsæter har gjort seg til kjenne i ei rekkje av viktige prosjekt i både inn- og utland, mellom anna Hildegunn Øiseth Kvartett, The Inventio Ensemble og Bergen Bigband, samt ein premissleverandør i opplæringa av nye musikarar som lærar på Griegakademiet. Tore Ljøkelsøy har hurtig spelt seg inn på elitelaget til norsk jazz med band som Bel, Lyder Røed Kvintett, Local Store og Tore Ljøkelsøy kvartett.

Straum Aksel Røed Trio her.

Onsdag 7. feb. Skeisvang, Haugesund
Onsdag 7. feb. Voss Jazzklubb
Torsdag 8. feb. Kabuso, Øystese
Fredag 9. feb. Sogndal Kulturhus
Lørdag 10. feb. Tedans, Bergen

Med: AKSEL RØED tenorsaksofon MAGNE THORMODSÆTER kontrabass TORE LJØKELSØY trommesett

Fra forsiden

Nyheter

MIRRA

Ein av fjorårets mest omtalte og kritikarroste album er no klar for Stamvegen med konsertar i Førde, Bergen, Odda, Haugesund, Stavanger, Sogndal og Voss. Godt mogleg at dei også vinn ein Spellemannpris på vegen. Dei er nemleg nominerte både i open klasse og til komponistprisen.

Nyheter

Møster/Nilssen

To av landets fremste jazzprofiler på Stamvegen: Kjetil Møster (saksofoner) og Gard Nilssen (trommer). De vil gjøre workshops og konserter i Stavanger, Odda, Husnes, Haugesund og Bergen.