Navnet Shakai kommer fra det japanske ordet for samfunn. Samfunn består av individer med unike historier. Det gjør også denne kvintetten som består av musikere som kommer fra et bredt spekter av sjangre, stiler og uttrykk, noe som gir bandet et spennende og variert lydbilde.
ELINE RAFTESETH kontrabass GABRIELA GARRUBO vokal KENNETH KAPSTAD trommer SIMEN WALLE gitar ELISABETH LID TRØEN saksofon
Bandet vart starta av bassisten Eline Rafteseth i 2015, saman med medstudentar frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Våren 2016 var Shakai eit av fire band som deltok på turneen Framtida i Norsk Jazz og spelte same år på den aller første Vill Vill Vest.
I 2018 slapp dei si første plate, Skittles, som vart spilt inn og produsert av Jørgen Træen i Duper Studio. Dei har spilt ei rekkje konserter i Bergen og på festivalar som Maijazz, Jazzintro, 100 dagar- festivalen og Fjellparkfestivalen. Etter fleire års pause har kvintetten no komme ut med oppfølgjaren til det kritikarroste debutalbumet. Andra-plata heiter Fragments og kan strøymast her. Også den har blitt tatt imot, blant anna på nettstaden Progressive Rock Central:
«I absolutely salute and recommend Shakai’s Fragments, to anyone! Yes, this is jazzy, but it is jazzy rock with some wonderful beats, and some of the best saxophone you have probably heard in a long while. There is a soft, breezy, “The Girl from Ipanema”, feel to this entire album. Every track is a hit and there is no room for errors. Go out and buy this album of Fragments, and enjoy this masterpiece of jazz-rock nightly, while you are having dinner. So happy I gave this album a chance. Now it is your turn.»
Nettstaden overfor seier også noko om sjangerbreidda i dette prosjektet. Musikken det Bergensbaserte bandet Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på ei reise i sitt eige lille univers. Musikken blir til litt som eit bakverk utan oppskrift; dei smakar seg fram, plukkar ingrediensar frå øvste hylle og har størst fokus på humor og hygge, noe som speglar bandet på scena.