Nyheter

TELEHIV – tilgjengelig for booking i uke 44 (2025)

Telehiv er utvilsomt et bra band-navn og gir et godt bilde på hvordan noe som skjer i dypere lag etterhvert blir synlig på overflaten. Så også med Telehiv. Ideen har nok boblet i Øyvind Skarbø sin underbevissthet en god stund nå og kommer snart i plateform og senere på Stamveg-turné.

ØYVIND SKARBØ trommer BENEDICTE MAURSETH hardingfele HÅVARD AUFLES synth MARTIN MYHRE OLSEN saksofonar JOEL RING cello OLA HØYER kontrabass

Skarbø Skulekorps 2.0? Aldri kvilande Øyvind Skarbø har vore ein premissleverandør i vestlandsk musikkliv ei god stund, like heime i sær impro som i groovy James Brown. Undervegs har han stilt opp med Bly de Blyant, BMX, 1982, Crab is Crap og Håkon Kornstad for å nemna nokon, men ein million jern i ilden er ikkje nok – på Nattjazz i 2024 debuterte eit splitter nytt prosjekt. 

Denne gongen med eit meir akustisk preg, og eit ønskje om å samla musikarar som aldri – eller berre så vidt – hadde spelt saman før. Ny musikk der nøye utvalde medlemar får fridomen til å setja personleg stempel på komposisjonane.

I bandet finn vi mellom anna Benedicte Maurseth – ei av våre fremste felespelarar med solokarriere på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim. 

Martin Myhre Olsen har vunne Spellemann med Hegge, turnert med Chick Corea og er elles å sjå med Mathias Eick, Megalodon Collective og Hedvig Mollestad, medan Ola Høyer er henta inn frå Cortex. Joel Ring og Håvard Aufles er to av Noregs mest interessante unge musikarar, med bakgrunn fra mellom anna Trondheim Jazzorkester/Gurls, og Joel and the Neverending Sextet.

Foto: Helge Skodvin

Fra forsiden

Nyheter

Brassa Jass

I januar arrangerer vi en workshop-turné som vi har kalt Brassa Jass. Opplegget er inspirert av Brass Bross og hvordan de i en årrekke har arbeidet med å få korpsungdom til å spille uten noter, lære på øret og til å inspirere og engasjere.

Nyheter

Sommerjazzkurs 2025

Tirsdag 24. juni til søndag 29. juni arrangerer vi Sommerjazzkurs på Jølster. Vil du være med? Her finner du påmeldslink og info om kurset.