Nyheter

Pantone 448c på Vinjerock

17.-20. juli kan du høre Mira Thiruchelvam og Vestnorsk Jazzensemble på en av landets vakreste festivaler.

I 2023 premierte ho eit nytt tingingsverk med Vestnorsk Jazzensemble titulert Pantone 448C with Cumin. Prosjektet er inspirert av klassisk sør-indisk eller karnatisk musikk, indisk filmmusikk og tamilsk folkemusikk. Tingingsverket gjer motstand mot fordommane ho har møtt som fløytespelar med ein ikkje-vestleg bakgrunn, der bidraget hennar til ulike musikalske prosjekt tidlegare har vorte sett på berre som “krydder” eller “fargelegging”. Omringa av eit handplukka stjernelag av musikarar makter ho gjennom Pantone 448C with Cumin å syne fram kompleksiteten og den melodiske styrken i musikken på majestetisk vis. Me gler oss enormt til å få oppleve dette musikalske mesterstykket på Vinjerock 2025

Billetter

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).