Nyheter

Stamveg 2026: Benedicte Maurseth

25.-29. mars (2026) skal Benedicte Maurseth på Vestlands-turné med sitt neste album «Mirra». Ho har med seg Morten Qvenild (tangenter), Mats Eilertsen (bass) og Håkon Stene (slagverk). Ta kontakt ved interesse.

Det har vore travle tider for Benedicte Maurseth. Hennar førre solo-album Hárr vart tildelt Nordic Music Prize, og kåra til eit av ti beste folkemusikkalbum i verda i The Guardian i 2022. No førebur ho seg til urpremiere på ny musikk ho har skrive saman med Kristine Tjøgersen for ein av dei fremste strykekvartettane i verda – Kronos Quartet – med urframføring i Carnegie Hall i New York 28. mars. Neste prosjekt ut er Mirra. Mirra er til liks med Hárr eit konseptalbum der konkret lyd er berande element i komposisjonane, med økosofiens perspektiv som vardestein. Musikken er repeterande, forma av folkemusikkens suggererande gjentakingar, amerikansk minimalisme, krautrock samt fri improvisert musikk.

Sjølve ordet mirra er eit eldre utdøydd dialektuttrykk frå Hardanger, som truleg tyder at reinen spring samla, gjerne i gjentakande sirklar for å halda varmen eller stenga ute rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinen sine faste ritar gjennom eit år, og deira distinkte lydar og åtferd. Dei er merkverdige, vakre dyr. Dei er òg truga. Av menneska, framfor alt, som avgrensar plassen deira litt etter litt, år for år. Vaktar me oss ikkje, forsvinn villreinen frå Hardangervidda kanskje for alltid.

Som ein av våre fremste felespelarar har Benedicte Maurseth sloppe plater på Grappa og ECM. Ho gjekk i lære hjå Knut Hamre frå ho var 8 år gamal, og har undervegs samarbeidd med mellom anna Jon Fosse, Nils Økland og Berit Opheim. Med seg har ho slagverkar Håkon Stene, som med verda som scene har opptredd med mellom anna London Sinfonietta og Ensemble Modern, så vel som Nils Økland Band. Mats Eilertsen er ein norsk jazzmusikar, bassist, komponist og bandleiar. Frå slutten av 1990-åra av har han etablert seg som ein av Noregs mest ettertrakta bassistar, og han leier også ei rekkje eigne band. Eilertsen har – med sitt lyriske og melodiske spel – medverka på over 100 album med en rekkje ulike artistar.

Med gjennombrot som Magical Orchestra i kompani med Susanna, har Morten Qvenild ei enorm sjangerbreidde som utøvar, produsent og komponist, noko som gjerne ender med spelejobb med a-ha, improvisasjon med Gard Nilssen, jam med den improviserande datamaskina KimAuto i eit kunstnarisk  forskingsprosjekt, og låtskriving med Frode Grytten – alt i løpet av same veka.

Foto: Agnete Brun

Trykk her for meir info om turnéordninga vår.

Fra forsiden

Nyheter

Vossa Jazz 2025

11.-13. april er det duket for en ny utgave av det som utvilsomt er blant vårens vakreste jazz-eventyr. Festivalen har i år helt ny ledelse og vi har fått en liten stemningsrapport fra kontorene.

Nyheter

Stamveg 2026: Kjetil Møster & Gard Nilssen

11.-15. mars sender vi ut to landets tydeligste jazzprofiler for å spille duo-konserter på Vestlandet. Med seg i bilen har de trommer og saksofoner og et kart hvor det er merket av 4-5 jazzklubber. Ta kontakt om du vil at din klubb skal være blant disse.