Nyheter

Høst 2026: KNUT KRISTIANSEN

Knut Kristiansen fyller 80 år neste år og tar med seg Aksel Røed (sax), Magne Thormodsæter (bass) og Sigurd Steinkopf (trommer) på turné. Tilgjengelig for booking 7.-13. september.

KNUT KRISTIANSEN piano MAGNE THORMODSÆTER bass SIGURD STEINKOPF trommer AKSEL RØED saksofon

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser den fremste tolkaren av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen med fersk plate, og evig speleglede og pågangsmot.

Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal.

Slagverkar Sigurd Steinkopf har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing, samt starta band med Dag Arnesen og Elisabeth Trøen.
 Vossa Jazz-prisvinnar Aksel Røed er ein av dei mest spanande unge saksofonistane i Noreg i dag, med band som General Post Office og Other Aspects. Utover dette er han kjent for å drive Bergen Improklubb og Tedans i Bergen.
I 2025 slapp Knut Kristiansen sitt første album for Jazzland: VOLUM. Musikken spenn over seks årtier frå starten, omkring 1965, då KK var omtrent 20 år gamal, sterkt påverka av Thelonous Monk og dåtidas nye og frie jazzmusikk.VOLUM vart nominert blant de 10 beste platene på Europe Jazz Media Chart i mars 2025, og vart omtalt som «karrierebeste» av Dag og Tid.

Fra forsiden

Nyheter

PNL + VNJE

Bestillingsverk fra mestertrommeslager! Første konsert blir på Nattjazz 29. mai kl. 20:00 og neste blir på Sildajazz torsdag 6. august kl. 20:00, Stavanger Jazzforum 30. september og Victoria Nasjonal Jazzscene 1. oktober. Med komposisjoner av Paal Nilssen-Love og et spennende ensemble som teller 9 musikere.

Nyheter

Høst 2027: SOFI

Varmt, nært og akustisk. Om fragmenterte barndomsminner og hvordan vi forsøker å sette sammen en sammenhengende historie av noe som egentlig er ufullstendig. På engelsk, italiensk, spansk og guarani. Tilgjengelig for booking 13.-19. november 2027.

Meld deg på vårt nyhetsbrev