Nyheter

Musiker-samling: KORLEIS LAGE BARNEKONSERT

Har du tenkt på å spele konsertar for barn, men er litt usikker på kor du skal starte? Slapp heilt av. Dette kan Erik og Øyvind hjelpe deg med. Fredag 30. januar kl. 13:00-15:00 på USF Verftet. Meld deg på her.

Kvart år får tusenvis av barn sterke kulturopplevelsar gjennom ordningar som Den kulturelle skulesekken og konsertseriar som Bajazz. For mange barn blir dette det første møtet med levande musikk. Verdien og ringvirkningane av dette kan ikkje undervurderast. Ikkje minst er konsertar for barn ei viktig kjelde til sysselsetting for mange musikarar.

Barn er opne og uskyldige. Men også frekke, bråkete og potensielt ufyselige! Tør vi virkelig stikke handa inn i dette vepsebolet?!

Fortvil ikkje! Men kyndig veiledning frå Erik Johannessen (Meg og kameraten min) og Øyvind Skarbø (Psst!), vil dei to rutinerte musikara avvæpne det heile, og leie deg gjennom heile prosessen frå A til Å. Frå grunnleggande spørsmål som «Kva er DKS?», til «Korleis beholde kontrollen på slutten av skuledagen når ingen klarer sitte stille lenger og barna på bakerste benk har begynt å kaste stolar.»

Meld deg på her: https://forms.gle/WQzQH6RsVBTjVxhd7

Fra forsiden

Nyheter

Ny runde med Jassa Brass

Siste uken i januar er det klar for en ny workshop-turné med Simen Kiil Halvorsen (trompet), Shannon Mowday (bari-sax) og Raymond Lavik (trommer). Som sist vil de jobbe med å lære på øret og å improvisere.