Ein av fjorårets mest omtalte og kritikarroste album er no klar for Stamvegen med konsertar i Førde, Bergen, Odda, Haugesund, Stavanger, Sogndal og Voss. Godt mogleg at dei også vinn ein Spellemannpris på vegen. Dei er nemleg nominerte både i open klasse og til komponistprisen.
Håkon Stene (rytmisk og melodisk slagverk, elektronikk)
Mats Eilertsen (kontrabass, el-bass)
Morten Qvenild (piano, elektronikk)
Då Benedicte Maurseth gav ut albumet Hárr (Hubro Records) i 2022, vart den visjonære og internasjonalt anerkjende hardingfelespelaren hylla for å ha skapt eit meisterverk. Albumet vart mellom anna tildelt Nordic Music Prize. I 2025 kom oppfølgjaren Mirra, og denne gong er det villreinen nær Mauseths heimtrakter ved Hardangervidda som har solistrolla.
«Mirra» er eit eldre utdøydd dialektord frå Hardanger som skildrar når reinen spring samla i sirkulerande sirkel, både for å halde varmen, men også for å halda unna rovdyr. Eller det vart bruka for å skildra at det «myldra» av rein. Verket følgjer delar av villreinens åtferd og årsyklus, der også deira distinkte lydar er ein viktig del av komposisjonane. Alt dikta med utgangspunkt i folkemusikkens suggererande gjentakingar, inspirert av minimalisme, krautrock, og fri improvisert musikk.
Mirra har sidan lanseringa motteke svært gode kritikkar nasjonalt og internasjonalt, der Morgenbladet mellom anna skreiv «Mektig er kanskje ikke et stort nok ord for Benedicte Maurseths Mirra», og Dag og Tid omtalte albumet som eit «minimalistisk meisterverk». The Guardian trekte det mellom anna fram som Folk Album of the Month. Alt forma og framført i samspel med nokre av Noregs fremste musikarar innan jazz- og samtidsmusikk, Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene.
Collage fra konsert i Operahuset i Sydney, foto: Ravyna Jassani. Øverste bilde, foto: Agnete Brun.
Søndag 22. mars FØRDE
Mandag 23. mars BERGEN
Tirsdag 24. mars ODDA
Onsdag 25. mars HAUGESUND
Torsdag 26. mars STAVANGER
Fredag 27. mars STORD
Lørdag 28. mars SOGNDAL
Søndag 29. mars VOSS
Konserten er en del vestnorsk Jazzsenter sin turnéordning, «Den musikalske stamvegen». Ordningen står for 20-30 konserter i året. Siden oppstarten har mer enn 200 musikere spilt på disse. De fleste av dem er musikere bosatt i Vestland og Rogaland.
For meir info, fleire bilete, omtale, sitat, meldingar og lenkjar til plata: https://www.maurseth.net/
