Vi har rukket et lynraskt intervju med Frøydis Århus som er i full gang med å forberede årets festival som nå nærmer seg med stormskritt!
Er det mye stress på kontoret nå?
Det kokar greit no, papirprogramma er komne i hus, og t-skjorter til Superjazz og til medarbeidarane våre, så no er festivalen i ferd med å materialisere seg. Me fann masse blåseinstrument på do nede så dei har me hengt opp i vindauge til pynt. Og så har me flytta opp det gamle stereoanlegget til Lars Mossefinn slik at me får spelt litt kvalitetslyd på kontoret. Me har jo så masse bra konsertar i vente!
Noen konserter du er ekstra spent på?
Ja, det openbare svaret på dette spørsmålet er jo Tingingsverket. Her veit me jo berre at det er eit kobbel av fantastiske musikarar med, samla av mannen bak det heile, Lars Horntveth. Det er eg skikkeleg spent på. Håpar det verket kjem til å turnere mykje.
Hva som er ditt beste Vossajazz-minne fra tidligere?
Kan eg seie Dungen i 2010? Då var eg 22 år og hadde akkurat vorte saman med ein fyr i klassen som spelte gitar og heile vennegjengen reiste på Vossa Jazz og hadde livets helg. Vart slått i bakken av at eit band som Dungen berre dukka opp her i denne vesle bygda. Og det er jo litt av magien med Vossa Jazz, at verda kjem til Voss for tre dagar.
Hvilken retning du har lyst å ta Vossajazz?
Det viktigaste for meg vert å passe på at det gode ryktet til festivalen og programmeringa skal stå seg. Vossa Jazz har stor respekt og tillit blant publikum, artistar og bransje som ein festival som held stø kurs og set kvalitet og nyskaping fyrst. Halvparten av medarbeidarane våre er under 25 år. Det er ein ung snittalder på mange av banda og dei er svoltne og held høgt nivå. Dette speglar seg i publikum, og det lovar veldig godt. Mangfald på scena, mangfald i salen. Det er eit mantra eg held høgt.
Tusen takk for at du tok deg tiden til å snakke med oss Frøydis, og lykke til med festival-planlegging og avvikling. Vi gleder oss!
