Nyheter

Høst 2027: ZANUSSI 3

Trioen leiker med etablerte jazznormer, og resultatet er komplekse komposisjonar tolka med fridom og inderleg musikalitet. Tilgjengeleg for booking 4.-10. oktober 2027.

PER ZANUSSI bass KRISTOFFER ALBERTS saksofon PER ODDVAR JOHANSEN trommer

Legendariske Zanussi 5 er blitt meir kompakt og turnévenleg, men hentar framleis inspirasjon både frå Zanussis tidlegare prosjekt og frå hans arbeid med ikkje-vestlege tradisjonar, som til dømes koreansk folkemusikk, så vel som prog, samtidsmusikk og afrobeat. Trioen leiker med etablerte jazznormer, og resultatet er komplekse komposisjonar tolka med fridom og inderleg musikalitet.

Per Zanussi er bandleiar, komponist og bassist med enorm arbeidskapasitet. Vore popstjerne i Wunderkammer, groova i Wibutee og lest noter i Trondheim Jazzorkester. Snust innom Sternklang, Petter Wettre, Jon Eberson og Jazzmob.

Kristoffer Alberts er jazzakademikar på UIS om dagen og ein av dei mest spanande saksofonistane vi har om kvelden. Undervegs har han jobba med Nels Cline Steve Noble, Maja Ratkje, Lasse Marhaug, Jim Black, Paal Nilssen-Love, Terrie Ex og SAKA.

Per Oddvar Johansen har spelt trommer med «alle», ikkje minst Trygve Seim, Close Erase, Solveig Slettahjell og Joshua Redman. Han har fått Spellemann ein gong i samarbeid med Petter Wettre, og to gonger som medlem av Vigleik Storås Trio.

Fra forsiden

Nyheter

PNL + VNJE

Bestillingsverk fra mestertrommeslager! Første konsert blir på Nattjazz 29. mai kl. 20:00 og neste blir på Sildajazz torsdag 6. august kl. 20:00, Stavanger Jazzforum 30. september og Victoria Nasjonal Jazzscene 1. oktober. Med komposisjoner av Paal Nilssen-Love og et spennende ensemble som teller 9 musikere.

Nyheter

Høst 2027: SOFI

Varmt, nært og akustisk. Om fragmenterte barndomsminner og hvordan vi forsøker å sette sammen en sammenhengende historie av noe som egentlig er ufullstendig. På engelsk, italiensk, spansk og guarani. Tilgjengelig for booking 13.-19. november 2027.

Meld deg på vårt nyhetsbrev