Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).

ERLEND O NØDTVEDT samples, røyst, elektronikk OLAV H. HAUGE samples frå opptak ERLEND APNESETH hardingfele STEPHAN MEIDELL baritongitar, elektronikk ØYVIND HEGG-LUNDE slagverk

I 2021 samarbeidde forfattar Erlend O. Nødtvedt med Erlend Apneseth Trio om tingingsverket “Black Hauge” til Ulvik Poesifestival. Verket tok utgangspunkt i Olav H. Hauges dikting, og baserte seg på Hauges eigen stemme. “Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Trioen hentar element frå folkemusikken, forfattaren hentar element frå diktaren i ei blanding av respekt og uærbødigheit.

Det er i seg sjølv interessant når ein av landets leiande unge forfattarar samarbeider med ei av dei mest nyskapande konstellasjonane i norsk musikkliv, men når dei samlar seg om den kanskje viktigaste norske lyrikaren skjer det noko heit særeige. Rytmen og det lydlege i dikta til Hauge opnar ei verd der poesien står i nyvaska drakt, gjerne i form av ei radikal støvtørking der røysta vert manipulert gjennom sampling og effektar – medan eigenarten vert vidareutvikla i musikken, der melodien i Hauge sin eigen røyst vert utgangspunkt for eigne låtar.

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).