Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

TRYGVE TRONSTAD gitar, vokal VEMUND STYVE pumpeorgel, vokal MARTIN BORGE tenorgitar, banjo, vokal

Himmelfarten har drege med seg trøorgel, kassegitarar og song ut frå bedehuset for ein heilakustisk konsert. Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Musikken dei lagar er alt frå storslåtte hymnar og pittoreske viser, til naken og skjør indie, heile tida med improvisasjon og utforsking i botn. Himmelfarten plasserer seg midt i salen med publikum rundt seg for å koma ekstra nær, og gje ei genuin gjenskaping av lyden frå bandet. Etter platedebuten i 2025 blir det nytt slepp frå trioen i mai 2026, denne gongen med meir tekstbaserte songar og historier.

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).