Nyheter

Vår 2027: RØED QUARTET (uke 14)

Hardtsvingande, akustisk jazz med moderne melodiar og sjelfulle balladar. Tilgjengeleg for booking 5.-11. april.

AKSEL RØED saksofon LYDER RØED trompet OLA HØYER bass CORNELIA NILSSON trommer

Hardtsvingande, akustisk jazz med moderne melodiar og sjelfulle balladar, inspirert av Mark Turner, Ornette Coleman og Tom Harrel. Etter mange års fascinasjon for den svenske supertrommisen, Cornelia Nilsson (Aaron Parks, Gabor Bolla, Daniel Franck) måtte Aksel rett og slett senda ei melding for å høyre om det var mogleg å å starta eit nytt prosjekt. Svaret var positivt og Røed satt raskt saman bandet til førre Tedansfestival. Ikkje berre ga det meirsmak, det blei også plate med sleppefest på fjorårets Nattjazz. Tradisjonell jazz i moderne drakt frå Røed-brørne (FIEH, Slow is the new Fast), Ola Høyer (Cortex), og  vinnar av Ben Webster-prisen, Cornelia Nilsson.

Fra forsiden

Nyheter

Vår 2027: HIMMELFARTEN (uke 7)

Trioen speler på instrument laga av treverk og finstemt stål som let varmt og godt med trestemt vokal og rå speleglede. Tilgjengeleg for booking 15.-21. februar (2027).

Nyheter

Vår 2027: BLACK HAUGE (uke 10)

“Black Hauge” representerer eit genuint nyskapande møte mellom tradisjonell poesi og eksperimentell musikk i ei leiken og uredd omgang med tradisjonen. Tilgjengeleg for booking 8.-14. mars (2027).